Maritim næring jaktar igjen på ungdom som vil ha læreplass. Denne næringa er ikkje åleine. Fleire bransjar slit med å skaffe nok unge som vil satse på yrket.

Men mange unge slit også med å få læreplass i faga dei har utdanna seg i.

Eit slikt sprik mellom behov og utdanning er ei stor utfordring for ungdom, arbeidsliv og utviklinga i regionen. Dessverre er det ingen enkel snarveg ut av problemet.

I Sunnmørsposten måndag fortalde representantar for maritimt næringsliv i nordvest om eit skrikande behov for lærlingar. For ei næring som for få år sidan var i kneståande etter oljesmellen, er dette eit positiv teikn.

Mangel på lærlingar er ikkje det.

Tvert om så er det svært alvorleg, og ikkje berre for næringa sjølv.

Utvikling og busetjing i regionen er avhengig av at unge kan velje utdanning som gir jobb lokalt. For lokalt næringsliv er det viktig å kunne rekruttere lokalt.

Manglande match blir ein flaskehals som bremsar framtidig verdiskaping.

Særleg i distrikta må vi gjere meir for å få dette til å klaffe. Næringane må gjere seg attraktive for ungdommen. Det offentlege må skaffe skuleplassar.

Så enkelt og så vanskeleg.

For maritim næring i Møre og Romsdal er det mangel på skuleplassar som sviktar no. I fjor var det nær dobbelt så mange som søkte på maritime fag som det var plassar i Møre og Romsdal.

Å skru opp talet på elevplassar er likevel ikkje berre enkelt.

Maritim næring er ikkje åleine. Den delar problemet med næringar som transport, havbruk, industrien og fleire tradisjonelle handverksfag.

Fleire elevplassar krev også lærarar, lokale og materiell.

Ein viss klassestorleik må også til for å få det til å gå i hop. Med fallande elevtal i ein desentralisert skulestruktur blir det vanskeleg å tilfredsstille både lokale politikarar, næringsliv og lokalsamfunn.

Så skal også ni av ti få førstevalet sitt, og helst på skulen nær der dei bor. Når fylkeskommunen skal skalere tilbodet etter dette, blir det fleire brikker i puslespelet enn det er plass til i bildet.

Konsekvensen blir altså at mange ikkje får læreplass. Mange bedrifter ikkje får tak i lærlingane dei treng.

Vi må derfor diskutere kor tynnt vi skal smørje tilbodet utover, og framleis vente å få att same kvalitet og dekkje alle behov.