I påska fekk nordmenn høve til å bli betre kjent med pioneren Ole Brude frå Ålesund gjennom dokumentarfilmen som vart vist på NRK. Det er Tindefilm, med regissør Gry Molvær Hivju, som står bak filmen «Uræd – egget som kunne berge liv». Selskapet fortener ros for å løfte fram den fascinerande historia om Brude i eit formspråk som gjer den tilgjengeleg for eit nytt publikum.

Ole Brude hadde erfart at opne livbåtar, bygd av tre, var ei dødsfelle. Som 14-åring var han sjølv i havsnød, og såg korleis livbåtane vart knust til pinneved i dei enorme bølgene.

Dersom bølgene ikkje tok livet av menneska i dei opne trebåtane, så kunne isande kulde eller brennheit sol forårsake smertefull død. Brude ville berge liv, og sette seg fore å utvikle ein redningsbåt som var trygg i alt slags ver. Han konstruerte ein overbygd, eggforma livbåt i stål som fekk namnet «Uræd». Saman med eit mannskap på tre segla han over Atlanterhavet til USA, og beviste at farkosten var trygg sjølv i orkan.

Filmen skildrar overfarten til Amerika på ein måte som gjer at vi forstår betre kva dei måtte gjennomgå. Kristofer Hivju, som spelar kaptein Iver Thoresen, sa i eit intervju med Sunnmørsposten under innspelinga, at livet om bord i den eggforma farkosten var som å bu i ein tørketrommel, som gjekk rundt og rundt. Han var om bord ei kort stund i roleg ver, medan Brude og mannskapet var om bord i fem månadar under ekstreme verforhold.

Brude var ikkje den einaste i si samtid som jobba med tanken om overbygde livbåtar. På verdsutstillinga i Paris i 1900 presenterte den norsk sjøkapteinen Jørgen Martinius Dønvig frå Kragerø eit kuleforma redningsfartøy, som fekk heider, men den vidare interessa var laber.

Heller ikkje Brudeegget vart nokon økonomisk suksess. Ole Brude kjempa for å få reiarlag til å ta i bruk livbåten, som han med si farefulle ferd over Atlanterhavet hadde bevist var trygg, men responsen var liten. Sjølv ikkje det katastrofale forliset av Titanic i 1912, då 1500 menneske mista livet, fekk reiarlaga til å endre kurs. Det var meir lønsamt å sende folk i døden.

Denne kynismen forklarer nok kvifor Brude ikkje fekk det gjennomslaget han drøymde om.

Ole Ellefsen, som har skrive bok om Brudeegget, har rett når han i filmen seier at Brude bør heidrast på line med andre nasjonale heltar. Ole Brude var ikkje ute etter å vinne nytt land, men å berge liv. Han var forut for si tid. Det var først på slutten av 1970-talet at det kom påbod om overbygde livbåtar, og i dag er det standard utrusting på alle skip.

Takk til Tindefilm og NRK som har fått den gløymde helten fram i lyset igjen.