Det har visst blitt ein slags førjulstradisjon. I dagane før julaftan går talet på bilulykker plutseleg veldig opp.

Folk kavar seg opp med alle gjeremål i julestria, og har liksom ikkje tid til å ta det ekstra halvminuttet som av og til krevst for å få god nok avstand til andre i trafikkbildet. Sjølv om det tidvis er mørkt, vått og glatt ser ikkje sjåførane ut for å skjerpe seg nemneverdig.

Spesielt gjeld det dagane rundt 22. desember som med rette blir kalla «den store bulkedagen».

Knytt til parkering åleine var det i fjor 2788 skader på landsbasis i dagane 20. til 23. desember. Faktisk var heile 14.000 bilskadar registrerte hos forsikringsselskapa i veka før jul, til ein kostnad på 360 millionar kroner. Ingenting tyder på ulykkene vil bli færre i år.

Kven er det som bulkar mest? Jau, det er mennene. Ifølgje Finans Norge har desembertrenden dei siste ti åra vore den same: Menn krasjar dobbelt så mykje som kvinner. Tala er så tydelege at Tryg Forsikring har oppfordra kvinner spesifikt til å ta over rattet i julehandelen.

Det er veldig enkle grep som kan gjerast for å hindre dyre bulkar og ekle personskadar rett før julefreden liksom skal senke seg. Har du sertifikatet, så veit du eigentleg dette veldig godt, men vi vel å repetere likevel:

Du bør ta deg bryet med å bruke blinklyset såpass omgjevnadane ser kor du har tenkt deg. Du bør halde god avstand til bilen framføre, uansett kor irriterande sakte du synest farta er. Og ikkje minst: du bør ha skjelpaddefart, og knapt nok det, når du manøvrerer på parkeringsplassar og andre stader kor det kan vere uoversiktleg.

For sjølv om din bil har sensor, ryggekamera og andre hjelpemiddel for effektiv manøvrering, er det ikkje sikkert at teknologien står deg bi når du treng det som mest. Ein skitten sensor kan vere nok til viktig informasjon ikkje blir plukka opp i tide til å hindre ei ulukke.

Forvent mindre, gir kraftig ned, og senk forventningsnivået til eigen og andre sin effektivitet i trafikkbildet. Då er sannsynet større for at du slepp å bruke jula til å sukke over skademeldingar, eigenandelar og kanskje verst: skamma av å ha påført andre materiell eller fysisk skade.