Det er svært skuffande, men dessverre ikkje overraskande. Talibans lovnad om at afghanske jenter skal få lov til å gå på skule, viser seg å vere tomme ord.

Jenter i ungdomsskule- og vidaregåande alder har vore nekta undervisning sidan Taliban tok makta i august i fjor.

Førre onsdag markerte byrjinga på eit nytt skuleår i Afghanistan, og forventningsfulle tenåringsjenter møtte opp til skulestart. Berre nokre timar seinare vart dei sende heim. Elevane pakka saman tinga sine med tårer i augo, melder AFP, som var til stadens på jenteskulen Zarghona i Kabul, då elevane fekk melding om at det ikkje vart meir undervisning.

Forklaringa som blir gitt av styresmaktene, er at dei framleis ikkje er i stand til å gjennomføre utdanning av jenter på ungdomsskulesteget på ein måte som er i samsvar med islamske prinsipp.

Det betyr mellom anna at jenter i kjønnsmoden alder berre kan undervisast av kvinnelege lærarar. Denne forklaringa er både provoserande og skammeleg.

Det same er reglane i Sharia som legg føringar om at kvinner berre kan arve halvparten av det menn arvar, og at livet til ei kvinne er mindre verdt enn livet til ein mann.

Talibans frykt for kvinners utdanning, vitnar om eit system som er basert på systematisk undertrykking.

Å bli nekta skulegang, er ikkje berre ein tragedie for den enkelte kvinne, men for heile samfunnet som går glipp av ressursar som landet har behov for.

Over halvparten av den vaksne befolkninga i Afghanistan er framleis analfabetar. Berre tre av ti afghanske kvinner over 15 år kunne lese og skrive i 2018, ifølgje ein rapport frå Unesco. Dette svekkjer Afghanistans moglegheiter for vekst og utvikling, og held fleire nede i fattigdom.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) seier til Aftenposten at rapportane om at Taliban har utsett skuleopninga for jenter, er i strid med dei forsikringane Taliban har kome med.

I ei felles fråsegn frå utanriksministrane i Norge, USA, Storbritannia, Canada, Frankrike, Italia og EU heiter det at denne avgjerda skadar Talibans forhåpningar om å bli anerkjent, og ministrane krev at skulane blir opna for jentene.

Jenter og kvinners rett til utdanning er eit viktig punkt i forhandlingane om støtte til Afghanistan, som er i økonomisk krise. Kravet om respekt for grunnleggande menneskerettar, kan det ikkje firast på. Talibans kjønns-apartheid må opphevast.