Talet på arbeidsledige og talet på arbeidssøkjarar nærmar seg raskt nivået frå før koronapandemien. I lyset frå denne normaliseringa blir den store utfordringa i arbeidsmarknaden tydeleg att:

Mangelen på arbeidskraft.

For den påtroppande regjeringa blir dette ei av dei viktigaste oppgåvene å løyse. Knappheit på arbeidskraft gir redusert verdiskaping, svekkjer finansieringa av velferda og påfører fellesskapet stadig større kostnader.

«Fleire hender, fleire hovud – og gjerne så raskt som råd». Dette var den klare bodskapen frå Dansk Industri sitt årlege toppmøte til statsminister Mette Frederiksen denne veka. I Storbritannia gir mangel på tankbilsjåførar panikkhandel av drivstoff og tomme bensinstasjonar.

I Norge har hotell slite under gjenopninga fordi dei manglar kokkar og anna personell.

I andre bransjar har mangel på kvalifisert arbeidskraft vore ein bremsekloss under heile pandemien. Årsakene kan vere ulike. Noko er resultat av ei langsiktig utvikling, medan britisk sjåførmangel blir toppa av kutt i arbeidsinnvandringa etter brexit.

Den langsiktige samfunnsmessige konsekvensen blir uansett den same. Velferdskaka vi alle skal dele på, blir ikkje så stor som den kunne ha blitt. Samstundes blir vi stadig fleire som vil ha vårt stykke av denne kaka.

Om lag halvparten av dei vel 5,4 millionar innbyggarane i Norge er i dag i jobb.

Ein altfor stor andel i arbeidsfør alder står utanfor arbeidsmarknaden. Framover vil andelen alderspensjonistar auke, frå rundt 930.000 i dag til 1,2 millionar allereie om ni år. Denne utviklinga er i ferd med å verte Norge og fleire andre vestlege land si største strukturelle utfordring.

I tillegg kjem spriket mellom kompetanse og behov. Helsesektoren og byggenæringa manglar til dømes til saman 22.000 arbeidstakarar på grunn av det ikkje er faglærte nok. Dette går ut over både tenestekvalitet og verdiskaping.

Framleis høg arbeidsinnvandring er ei løysing, men ikkje heile.

Skal vi ta oss gjennom det grøne skiftet og møte auken i talet på eldre, treng vi ei massiv satsing på kompetanse, ny teknologi og smartare måtar å organisere offentlege tenester på. Vi må også sørge for å halde fleire eldre i jobb lengre og utdanne, rekruttere og halde på fleire helsearbeidarar.

Marsjen inn i arbeidslivet må gå mot dei store utfordringane i vår tid. Marsjen ut må bremsast kraftig.