Er det foreldre som har svikta når russen utviklar kultur for systematisk mobbing? Spørsmålet vart stilt av ein far som opplevde at sonen vart stengt ute frå russebussen og alle kameratane sine, kort tid før russefeiringa skulle starte.

Dei siste vekene har vi lest og høyrd smertefulle historier om ungdom som har opplevd å bli stemt ut på «prøvefestar», mista vennar og på andre måtar blitt fryst ut av russe-fellesskapet. Alle ønsker at russetida skal vere ei glad feiring, men for enkelte er det reine marerittet. Ikkje berre sjølve russetida. Brutale utveljingsprosessar kan starte allereie på ungdomsskulen.

Det finst såkalla svartelister med namn på elevar som skal utsettast for trakassering, eller som ingen skal vere saman med. Enkelte har opplevd å bli dytta på sjøen, og fått ting kasta etter seg. Unge er livredde for å hamne på ei slik liste. Denne ukulturen har spreidd seg utover heile landet.

Det nye i år er at modige unge våger å fortelje om opplevinga av å bli utestengt, og kva konsekvensar det kan få. Det blir fortalt om unge som ikkje lenger orkar å stå opp om morgonen, som mister livslyst, og som får vanskar med å fullføre skulegangen. Takk til alle som våger å sette ord på det som er vanskeleg. Ved at temaet kjem på dagsorden, blir det mogleg å gjere noko med det.

Heldigvis ser ein at det dukkar opp motreaksjonar, der ungdom våger å bryte med etablerte mønster, og skape meir inkluderande russefeiringar. Enkelte russestyre har oppretta stillingar som trivselssjefar som har eit spesielt ansvar for å sørge for at alle har det bra. Dette er gode tiltak, og dei fleste unge bidrar nok positivt. Men så lenge det eksisterer ein kultur som ikkje berre tolererer, men stimulerer til mobbing, må noko gjerast. Ukulturen er ikkje berre skadeleg for dei som blir utsette for utestenging, men også for dei som utfører handlingane. Ved å delta i utfrysing og mobbing av andre, kan evna til empati bli alvorleg svekka.

Foreldre over heile landet tek no eit oppgjer mot ukulturen, skriv tv2.no. Facebook-gruppa «Russeforeldre på 2020-talet» ønsker å skape engasjement rundt tidleg planlegging og konsekvensane av russetida. Dette er positivt.

Etter to år med pandemi og nedstenging er det mange som ønsker at årets russekull skal få ei ekstra fin feiring. Russefeiringa skal styrast av dei unge. Foreldre har likevel ei viktig rolle når det handlar om å skape gode haldningar til inkludering og fellesskap. Kort sagt handlar det om å bry seg.