Mange organisasjonseigde forsamlingshus strevar med økonomien. Mange er bygd for fleire generasjonar sidan, og ligg langt unna dagens standardar. Dårleg isolasjon gjer at straumkostnadane kan vere høge, og manglande moderne fasilitetar gjer husa mindre attraktive for selskapsutleige. Til dømes er ikkje alle husa tilrettelagde for funksjonshemma.

Det manglar sjeldan lokalt engasjement for å utbetre manglane, men blir etterslepet stort nok kan ikkje alt reddast inn med lokale sponsorar, kronerulling og basarar.

I tillegg er momskompensasjonsordninga ustabil, slik at det har vore vanskeleg å vite for huseigarane om dei får att momsutgiftene for drift og vedlikehald på slutten av året eller ei. Og uansett dekker ikkje ordninga momsutgifter knytt til oppgraderingar, som for enkelte forsamlingshus utgjer det største kostnadsbildet.

Litt av utfordringane kan løysast med dugnadshjelp, men til sjuande og sist så kostar materiell og sertifiserte fagfolk pengar.

Når det ikkje har vore nok midlar tilgjengeleg for å gjere det naudsynte vedlikehaldsarbeidet, har resultatet for enkelte vore å anten la bygga forfalle eller selje dei til privat bruk. Det er trist for små lokalsamfunn kor grendehuset har vore det sosiale hjartet i bygda i mange tiår.

Det er derfor positivt at Sparebankstiftelsen SMN no opnar for at lag og foreiningar i Midt-Norge kan søke midlar til rehabilitering og vedlikehald av eigedom. Som viktigaste føresetnad må søkjaren vere registrert i Frivilligregisteret og bruken av bygget skal vere meint for ålmenta. Dei fleste støtteordningar krev eigendel, men det vil her halde å bidra med dugnadsarbeid. Det gjer at langt fleire med lite i foreiningskassa kan søkje.

Sparebankstiftelsen SMN vel seg ut eit nytt satsingsområde kvart år, noko som gjer at dette førebels er ei eingongsordning med søknadsfrist 18. august.

Det er dumt, for vedlikehaldsetterslepa på dei organisasjonseigde bygga er såpass store at dei vil krevje ei permanent støtteordning.

Til dømes går storparten av spelemidlane i dag i favør idrettsbygg, og disfavør forsamlingshus med primært kulturelle aktivitetar. Det er ei unødig diskriminering, når dei sosiale aktivitetane på eit grendehus trass alt også fremjar folkehelse og livskvalitet.