Det er nødvendig å vere både skeptisk og godt informert, for å minske risikoen for å bli lurt av svindlarar. Dei kriminelle har ei stor verktøykasse, og metodane blir stadig meir avanserte og manipulerande. Dei kan nå oss via telefon, e-post, sms, falske nettsider og sosiale medium. Ofte blir fleire av desse kanalane brukt samtidig.

Nyleg fortalde Inger og Rune Færestand frå Vågsvåg ved Måløy om korleis kriminelle klarte å tømme sparekontoen deira for eit sekssifra beløp. Svindlaren gav ut seg for å vere frå «Namsfogden Sør». Vedkomande fortalde at bankkontoen stod i fare for å bli hacka av svindlarar, og at det derfor var behov for å opprette mellombelse ventekontoar i Nordea for å sikre pengane.

Færestrand sjekka både telefonnummer og namn, og alt stemte. Nummeret tilhøyrde namsfogden og namnet tilhøyrde ein person som jobba i banken, slik det vart opplyst om. Alt dette var med på å bygge tillit, som deretter vart misbrukt på grovaste til å tømme kontoen.

Ifølgje Norsk senter for informasjonssikring bruker svindlarar i hovudsak tre metodar: Freistingar, trugsmål og tillit. Svindelforsøk kan handle om å gjere folk usikre, for deretter å tilby løysing som skal gjere dei trygge igjen. Enkelte har fått sms frå «Politiet» der dei blir bedne om å trykke på ei lenke. Politiet sender ikkje ut slike meldingar, og har gått ut og åtvara folk mot å trykke på lenkene.

Billettsvindel er også eit aukande problem. «Jul på Løvenvold» i Ålesund er ei av framsyningane der svindlarar har forsøkt å selje falske billettar. Mange forbrukarar er også blitt lurt av falske nettbutikkar som tilsynelatande sel populære varer. Etter at varene er førehandsbetalt, så ventar kunden forgjeves på at dei skal kome. Nettsider som spreier desinformasjon er eit anna problem.

Svindel kan vere gjennomført av enkeltpersonar, organiserte kriminelle grupper eller av utanlandske aktørar med politiske motiv. Slike operasjonar handlar oftast om økonomisk vinning, men kan også vere motivert av ønske om å skape mistillit og svekke tryggleiken i eit samfunn. Svindel kan på sikt få store konsekvensar for tilliten til viktige samfunnsinstitusjonar.

Det er inga skam å bli lurt, og ved at folk deler sine erfaringar kan det bli vanskelegare for kriminelle å vinne fram. Takk til ekteparet Færestrand som stod fram med si historie, og på den måten var med på å åtvare andre mot å bli utsett for noko liknande.

Svindel kan på sikt få store konsekvensar for tilliten til viktige samfunnsinstitusjonar