Staten ga ikkje ei einaste krone frå auka ferjesubsidiar til å kutte bompengane på Nordøyvegen. No kan det likevel bli billegare forbi bommen for folket på Nordøyane.

Det er både rettferdig og fornuftig.

Det er urimeleg at folket på Nordøyane må betale bomsatsar som delvis byggjer på gamle ferjetakstar, og ikkje får ta dei same priskutta som kjem alle andre ferjeavhengige kystsamfunn til gode.

Folket på Nordøyane var i ferd med å ramle mellom to stolar. Sambandet vart oppstarta rett før Stortinget byrja å gjere ferjereiser gratis eller redusere billettprisen kraftig.

Bompengesatsen vart likevel sett på grunnlag av dei gamle ferjesatsane.

Folket på øyane følte seg snytt. Så slo samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) fast i framlegget til statsbudsjett at det ikkje var ei einaste krone å hente i auka ferjeavløysingsmidlar.

No kan fylkestinget likevel ha funne ei løysing. Samferdselsministeren har gitt grønt lys for at fylket kan forhandle med bompengeselskapet Vegamot om kutt i satsane.

Dette har opna ei dør som fram til no har verka stengt.

Får fylkespolitikarane som dei vil, vil prisen for ei bompassering gå ned frå 179 til 130 kroner med rabattert autopassbrikke for ein fossilbil. For ein elbil vil prisen bli verande som i dag, rundt 90 kroner.

Fylkespolitikarane meiner kuttet i satsane kan finansierast med auka inntekter på grunn av venta trafikkauke. I så fall kan fylket nøye seg med å gi utvida garanti for Vegamot sitt bompengelån.

Alternativt vil fylkestinget vurdere å skyte inn meir kapital i bompengeselskapet. Trass i at fylket er i ein svært krevjande økonomisk situasjon, meiner fylkespolitikarane det kan forsvarast.

For sjølv om regjeringa ikkje vil gi meir i ferjeavløysingsmidlar i takt med at den brukar meir på ferjesubsidiar, fører Nordøyvegen til auka overføringar frå staten.

Dei nye undersjøiske tunnelane gir nemleg meirinntekter til fylket i inntektssystemet, knytt til tunnelvedlikehald.

Fylkespolitikarane skal ha ros for å ha tatt kampen for å få ned kostnadane for brukarane av Nordøyvegen. Dette er ein kamp for rettferd.

Så er det eit pussig utslag at det berre er brukarar av fossilbilar som får billegare passeringar, medan gevinsten for el-bileigarar blir null.

Likevel er uansett det viktigaste at prisen blir sett ned. Det vil senke kostnadane for både næringsliv og innbyggjarar, og auke verdiskapingsgevinsten ved den største samferdsleinvesteringa i Møre og Romsdal.