Politiet ber vaksne om å følgje med på kva ungdom gjer på mobilen. Det er det gode grunnar til. Unge heilt ned i 14 års alderen kjøper narkotika i Ålesunds-regionen. Mobilen blir også brukt til å mobbe, filme valdshendingar og til å eskalere konfliktar.

Det har vore ei dramatisk auke i ungdomskriminalitet i Norge siste året. Det gjeld også for Møre og Romsdal. Det viser tal som Nettavisen har henta inn. Særleg urovekkande er den sterke auken av unge lovbrytarar, heilt ned i 14-års alderen.

Politi i Ålesund fortel at dei opplever ei haldningsendring mellom unge. Mange har liten respekt for vaksne, er svært bevisste på den kriminelle lågalderen og at dei ikkje kan straffast. I Sverige bruker kriminelle nettverk barn heilt ned i 10-årsalderen til å utføre grov kriminalitet.

Sjølv om vi førebels er langt unna svenske tilstandar, må vi ikkje vere naive. I takt med at Sverige innfører strengare tiltak, kan dei valdelege nettverka sjå seg om etter nye marknadar.

Det er avgjerande viktig å førebyggje at barn og unge blir rekruttert inn i kriminelle miljø. Det arbeidet må starte så tidleg som mogleg. Alle barn har behov for trygg og stabil tilknyting til omsorgspersonar og gode vaksenmodellar. Foreldre som slit, må få hjelp før problema veks seg store. Barn som saknar kontakt med gode omsorgspersonar, kan bli eit lett bytte for kriminelle nettverk som tilbyr raske pengar og fellesskap.

Politiet i Møre og Romsdal melder om auka bruk av vald, grovare vald, truslar og bruk av kniv i samanheng med sal og bruk av narkotika. Stadig fleire unge trur at narkotiske stoff er mindre farleg, og at det er lovleg til eige bruk. Denne misoppfatninga skaper alvorlege problem. Ikkje minst fordi auka bruk av narkotika mellom unge, skaper større marknad for organisert kriminalitet.

Å førebyggje ungdomskriminalitet er ikkje ei oppgåve for politiet åleine. Både foreldre, skule, kommune, barnevern, frivillige organisasjonar og alle andre gode krefter i eit lokalsamfunn må engasjere seg.

Politiførstebetjent Mirjam Ulstein fortel at politiet driv førebyggande arbeid både fysisk og digitalt. Mellom anna følgjer dei nøye med på plassar der ungdom samlast på kveldstid. Til dømes på skular og barnehagar som ofte er utan innsyn, og der det er rapportert om funn av utstyr knytt til narkotikabruk. Ho meiner det kan vere lurt av vaksne å legge kveldsturen innom desse stadane. Ikkje for å kontrollere eller skremme, men berre for å vere til stades. Det er eit godt råd.

Ikkje minst fordi auka bruk av narkotika mellom unge, skaper større marknad for organisert kriminalitet