Det er blitt mindre fri leik, fleire lærarstyrte aktivitetar, og langt færre førskulelærarar i første klasse. Forskarar la nyleg fram første delrapport om evaluering av seksårsreforma, og den viser at alt ikkje har gått som planlagt.

Reform 97, som trådde i kraft 1. august 1997, senka alderen for skulestart frå sju til seks år. Eit av formåla med reforma var at alle seksåringar skulle få ein mjuk overgang til skulestart, ved at leik og barnehagepedagogikk skulle prege det første skuleåret. Det er forskarar ved OsloMet og Universitetet i Oslo som gjennomfører evalueringa av reforma, på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.

Forskarane er uroa over at den spontane, utforskande og kreative leiken har gått tapt i dagens klasserom. Rolleleiken, som er viktig for barna, både når det gjeld språkutvikling og den sosiale kompetansen, er det blitt langt mindre av. Barn som er fødde seint på året, startar på skulen som femåringar. Både fysisk og mentalt skjer det store endringar i fem- og seksåringar, som kan gjere det vanskeleg for dei å sitte lenge stille. Dersom dei teoretiske læringsmåla blir for krevjande, kan dei minste barna oppleve seg som taparar heilt frå starten, og det kan få konsekvensar for resten av skuletida.

Forskarane har samanlikna funn frå spørreundersøkingar gjennomført mellom førsteklasselærarar i 2001 og 2021, og den viser store skilnadar. I 2021 svarer nesten alle lærarane at dei lærer seksåringane lesing og skriving dagleg, eller fleire gonger i veka. Til samanlikning var det 37 prosent av lærarane som gjorde det same i 2001.

Eit anna funn som gir grunn til bekymring, er at det å undervise dei minste har hatt lav status etter at seksåringane kom inn i skulen. Mange lærarar manglar kompetanse for å jobbe med dei yngste. Ingen tvil om at dette er ein jobb som kan vere svært krevjande, og derfor er god opplæring nødvendig.

Det er fleire reformer som har endra skuledagen for dei minste. Reform 97 la vekt på fri leik, medan Kunnskapsløftet i 2006 la større vekt på fagleg læring. Dei nye læreplanane som kom med Fagfornyelse i 2020, er ein slags «mellomting» der ein prøver å kombinere det beste frå begge tradisjonane.

Det er Stortinget som har bede om at seksårsreforma skal evaluerast, og sluttrapporten skal leggast fram i 2024. Alt no har det kome fram funn, som må følgast opp. Leik er viktig for at fem- og seksåringar får ein god start på skulelivet, og det må skulane legge til rette for.

Dersom dei teoretiske læringsmåla blir for krevjande, kan dei minste barna oppleve seg som taparar heilt frå starten