Gode lærarar er sjølve grunnsteinen i utdanningssystemet. Ein dyktig lærar er med på å forme framtida til elevane, og utviklinga av samfunnet. Derfor er det all grunn til uro når talet på søkjarar til lærarutdanningane stuper.

Denne veka sende regjeringa ut forslag om at det skal bli krav om relevant lærarutdanning for å bli fast tilsett som lærar i skulen. I dag er det berre krav om «relevant fagleg og pedagogisk kompetanse», som er ei langt meir diffus formulering.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ein av fem som underviser i skulen i dag ikkje har lærarutdanning. Mange kommunar slit med å få tak i kvalifiserte søkjarar til lærarstillingane, og enkelte fryktar at lovfesting av lærarutdanning kan forverre denne situasjonen. Andre meiner kravet om lærarutdanning kan avgrense mangfaldet av lærar og stenge døra for kompetente personar med erfaring og kunnskap frå andre område. Ingen tvil om at det finst mange dyktige og erfarne lærarar også i denne kategorien.

Alle elevar fortener undervisning av høg kvalitet. Å stille tydelege krav om pedagogisk utdanning er ikkje urimeleg. Vi meiner tvert om at kravet kan bidra til å styrke statusen til læraryrket. Undervisning er ein kunst som må lærast, og som omfattar mange ulike ferdigheiter. Mange kan vere svært dyktige i sitt fag, men likevel mangle den kompetansen som trengst for å formidle kunnskapen vidare til andre.

Det skal framleis vere mogleg å tilsetje lærar utan lærarutdanning i mellombelse stillingar. Men skulane blir oppmoda om å tilsette fleire på vilkår av at dei fullfører ei lærarutdanning, når det ikkje finst kvalifiserte søkjarar. Dette er ei ordning som alt blir praktisert i mange kommunar i dag, og som fleire kan ta i bruk. Det finst ulike stipendordningar, som gjer det mogleg å gjennomføre pedagogisk utdanning samtidig som ein er i jobb.

Samfunnet er avhengig av at talentfulle, dyktige personar opplever at læraryrket er eit attraktivt val. Manglande rekruttering til læraryrket har mange samansette årsaker. Kravet om pedagogisk utdanning for fast tilsetjing i skulen er eit steg i rett retning, men det er behov for fleire tiltak. Mange lærarar opplever at det er forventningar om at dei både skal vere psykologar, sosialarbeidarar og vaktmeistrar, og fylle andre roller som dei verken har tid eller føresetnadar til å fylle. Det skaper frustrasjon. Derfor er det viktig at regjeringa også er tydeleg på kva som skal vere læraren si rolle, og styrker laget rundt elevar som treng ekstra støtte, slik at læraren får tid til å undervise.

Mange kan vere svært dyktige i sitt fag, men likevel mangle den kompetansen som trengst for å formidle kunnskapen vidare til andre