Norge er mellom dei rikaste landa i verda. Likevel vurderer regjeringa å ta pengar som skulle gå til verdas fattigaste for å betale rekninga for å ta imot flyktningar frå Ukraina.

Samstundes surfar norsk økonomi høgt på svimlande, ekstraordinære oljeinntekter.

Det gjer forslaget endå meir småleg.

Krigen i Ukraina har gitt den raskast veksande flyktningkrisa i verda. Meir enn fem millionar har så langt flykta frå landet. FN sin flyktningorganisasjon, UNHCR, meiner at så mange som sju millionar i tillegg er internt fordrive.

I overkant av 14.000 er komne til Norge.

Talet stig framleis. Utlendingsdirektoratet (UDI) har utarbeidd tre scenarier for kva vi har i vente. Det lågaste er på 20.000 til 25.000. Det høgste opp til det femdoble.

For snart ein månad sidan varsla regjeringa ein krisepakke på drygt 14 milliardar for å takle krisa, inkludert meir pengar til Forsvaret. Tiltak for å handtere straumen av flyktningar utgjer nær 11 milliardar.

Den er basert på at rundt 30.000 flyktningar kjem til landet.

Regjeringspartia forhandlar no i Stortinget for å få eit breiast mogeleg forlik, trass i at fleirtalet allereie er sikra med støtte frå Høgre. Truleg vil dette føre til at den endelege summen blir høgre.

Likevel kan det kome til å stå ein kamp om finansieringa av denne innsatsen. Dette vil regjeringa kome tilbake til i revidert budsjett i byrjinga av mai. Men allereie no er det sterke reaksjonar.

Både AUF og Senterungdommen protesterer mot at pengar skal takast frå bistandsbudsjettet.

Svært mykje av pengane på dette budsjettet går til dei fattigaste i verda. Fleire fattige land får det no svært mykje vanskelegare på grunn av krigen i Ukraina.

Støre-regjeringa er ikkje den første som tar frå bistandsbudsjettet for å dekkje flyktningkostnader. Under flyktningkrisa i 2015 gjorde Solberg-regjeringa det same.

Det blir ikkje betre av den grunn.

Ein feil kan aldri forsvarast med at same feilen er gjort før. I dag er et endå verre, sidan mange av dei fattigaste landa står framfor ei matvarekrise på grunn av krigen i Ukraina.

Akkurat då er eit kutt i bistandspengane det siste vi bør ty til. Generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen seier i eit intervju med Vårt Land at det er «absolutt skandaløst».

Han meiner Norge vil framstå som ein krigsprofitør.

Dette er harde ord. Står regjeringa fast på planen samstundes som statskassa blir fylt med svimlande ekstrainntekter på grunn av Ukraina si ulykke er det dessverre likevel dekning for dei.

Denne lederen stod på trykk i papirutgaven av Sunnmørsposten 26. april. Redaksjonen.