Den sterke auken i talet på barn og unge som slit med psykiske vanskar er urovekkande. Kommunane har ansvar for å drive førebyggande folkehelsearbeid, og Ålesund kommune har utvikla opplæringsmateriell for folkehelse og livsmeistring som er verdt å legge merke til.

Programmet heiter Livet & Sånn og har som mål å styrke barn og unge si psykiske helse. Ideen oppstod i 2015 då barnevernspedagog Anne-Hilde Lystad underviste elevar på ungdomsskular om psykisk helse, vennskap og kjensler. Tilbakemeldingane frå elevane var svært positive, men dei meinte at dette burde dei ha lært meir om, – mykje tidlegare.

Sidan det ikkje fanst eit slikt opplæringsprogram tilpassa elevar i ulike aldersgrupper, tok Lystad initiativ, og fekk utvikla programmet i nært samarbeid med psykologar, spesialpedagogar, helsesjukepleiarar, lærarar og andre fagfolk. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Opplegget består av små videofilmar som er tilpassa opplæring i barnehage, barneskule og ungdomsskule. Alt ligg gratis tilgjengeleg på nettsida Livet & Sånn, og kan brukast av alle.

Foreldre spelar ei svært viktig rolle i barns liv, og derfor er det avgjerande at opplegget også inkluderer foreldre. Dei får same informasjon som barna, og det blir lagt opp til foreldremøte der vanskelege tema kan drøftast, og erfaringar kan delast.

Det er mange ulike årsaker til at barn og unge opplever psykiske vanskar. Det kan handle om mobbing, problematiske familieforhold, traume, rusmisbruk, press frå sosiale medium, eller arvelege faktorar. Problema kan bidra til sosial isolasjon og utanforskap, og skape store vanskar resten av livet.

I samband med presentasjonen av Folkehelsemeldinga nyleg, vart det etterlyst fleire tiltak for å førebyggje psykiske vanskar mellom barn og unge. Det er heilt klart behov for ulike tiltak, for problema er mange og samansette. Samtidig er det behov for informasjon og kjennskap til dei hjelpemidla som alt finst, slik at dei kan takast i bruk.

Det er gledeleg at kommunar fleire stadar i Norge har tatt i bruk programmet som er utvikla i Ålesund. Det er ikkje nødvendig at kommunar bruker tid og ressursar på å lage tilbod som allereie eksisterer. Undervisningsopplegget er sjølvforklarande, engasjerande og lett tilgjengeleg. Det er viktig å auke kunnskapen om psykisk helse, og korleis vanskar kan førebyggast.

Ålesund kommune skal ha ros for å ha utvikla eit opplegg som kan bidra til at fleire barn og unge får ein god start.

Det er gledeleg at kommunar fleire stadar i Norge har tatt i bruk programmet som er utvikla i Ålesund