Mangel på kvalifisert arbeidskraft er no ei av dei største utfordringane i arbeidslivet. Det bremsar verdiskapinga og truar tempoet i det grøne skiftet.

Svaret ser ikkje lenger ut til å ligge i auka arbeidsinnvandring.

Då må vi leite andre stadar.

NAV si siste bedriftsundersøking fortel om rekord i mangelen på kvalifisert arbeidskraft. Norges Bank har nyleg teikna det same biletet.

Størst er mangelen i helsesektoren, i bygg- og anlegg, serveringsbransjen og IT.

Møre og Romsdal har ein av dei strammaste arbeidsmarknadane i landet, berre forbigått av Nordland fylke.

Sjølv om folk flest ser høg arbeidsløyse som verre, er dette inga gladsak. Skaden kan verte stor på lang sikt.

Økonomisk vekst og verdiskaping vil bremse. Bedrifter kan bli flagga ut eller lagt ned. For lokalsamfunna som blir råka av det, er det alvorleg.

For storsamfunnet betyr det mindre ressursar til velferd.

Både kapasitet og kvalitet på tenester i dei aktuelle bransjane vil kunne bli svekka.

I tillegg vil vår evne til å takle ei av vår tid sine store utfordringar, det grøne skiftet, bli langt dårlegare.

For helsesektoren betyr det at den blir dårlegare rusta til å møte ei anna store utfordring i vår tid, eldrebølgja.

Ein stram arbeidsmarknad set også press på inflasjonen.

Noko av årsaka til problemet er betre tider og auka aktivitet i næringslivet. Etterspurnaden etter fagfolk stig og arbeidsløysa er låg.

Samstundes er det vanskelegare å få inn arbeidsinnvandrarar. Betre løn og betre jobbtilbod i heimlandet gjer at færre ser mot Norge.

I helsesektoren er årsaka at vi lenge har utdanna for få og er for dårlege til å halde på dei som har teke slik utdanning.

Norge har svært høg del av befolkninga i arbeid. Likevel er det her vi må leite etter løysinga. Vi må opne døra for fleire av dei som står utanfor arbeidslivet.

Vi må få fleire til å stå lengre i jobb før dei pensjonerer seg, og vi må snu trenden med at stadig fleire unge hamnar i utanforskap. Det same gjeld delar av innvandrarbefolkninga.

Nettopp tider med mangel på arbeidskraft opnar nye dører inn til arbeidsmarknaden. Dette må vi utnytte.

Men opne dører er ikkje nok.

Vi må også senke dørstokken. Då må vi satse meir på utdanning og kvalifiseringstiltak tilpassa behova i marknaden, men også verte flinkare på tilrettelegging på arbeidsplassen og fleksibilitet for dei som treng det.

Oppgåva er ikkje enkel, men gevinsten er stor.

Både for den enkelte og for samfunnet.