Ingen andre fylke har så dårleg kvinnerepresentasjon i kommunestyra som Møre og Romsdal. Berre vel 36 prosent av dei folkevalde i kommunane i nordvest er kvinner.

På toppen av det heile: Dei vart færre frå valet i 2015 til 2019.

No er innspurten i nominasjonen før valet neste år i full gang. Det er her det viktigaste grunnlaget blir lagt. Om ikkje lokalpartia skjerpar seg, er vi like dårleg stilt i den neste fireårsperioden.

Talet på kvinner i norske kommunestyrer har gått gradvis opp ved kvart val dei siste tiåra. Likevel er det eit stykke opp til full likestilling mellom kjønna. Ved førre val passerte kvinneandelen for første gong 40 prosent.

Kystfylka Møre og Romsdal, Rogaland og Agder ligg på botn. Berre i Oslo er det heilt lik kjønnsfordeling.

Berre SV og Raudt har meir enn 50 prosent kvinner i kommunestyra i Møre og Romsdal, syner statistikken. Lågast del kvinner er det blant dei folkevalde frå Frp. Her er kvinnedelen på fattige 23,2 prosent syner fylkesstatistikken for Møre og Romsdal.

Grovt sagt blir norske kommunar framleis styrt av godt vaksne menn. Menn er i klart fleirtal i dei eldste aldersgruppene, og aller mest blant dei eldste. Det er dei minste kommunane, i praksis distriktskommunar, som gir kvinnene minst plass.

Dette får konsekvensar for politikken som blir ført.

Når ei gruppe er underrepresentert, får den mindre makt og merksemd om saker dei særleg er opptekne av. Forskinga syner at underrepresentasjon av kvinner fører til mindre fokus på saker som gjeld helse, velferd og sosiale spørsmål.

Nominasjonsprosessen er avgjerande. Så lenge menn blir prioritert over kvinner på listene, blir denne skeivfordelinga mellom kjønna verande. Dette til trass for at dei fleste parti legg vekt på å setje opp lister der menn og kvinner står på annakvar plass.

Når det står ein mann på vel 50 år på fleirtalet av listene, fører det til at denne gruppa blir overrepresentert.

Dette plantar seg vidare til andre politiske organ, trass i lovfeste krav til kjønnsbalanse.

Stort sett alle politiske parti er samde om at eit velfungerande lokaldemokrati treng ein brei representasjon. Likevel klarer vi altså ikkje å rekruttere eit godt nok mangfald.

Det er eit tap for demokratiet.

At dei yngste er underrepresentert kan vere forståeleg fordi at dei er under utdanning eller har omsorg for små barn. Det er vanskeleg å forstå kvifor kvinner skal vere i mindretal.

Det er endå vanskelegare å forklare kvifor Møre og Romsdal skal vere dårlegast på dette i heile landet.