Idéen om at fleire søndagsopne butikkar er eit folkekrav, er sterkt overdriven. Sjudagars handleveke vil gi dyrare mat, og heller ikkje tene næringa eller dei som arbeider i den.

Nyvalde ordførarar bør derfor tenkje seg godt om før dei prøver å utnytte «smotthol» i helgedagslova for å få fleire opne butikkdører søndag.

Regjeringa vurderer no å stramme inn unntakspraksisen.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) vil vurdere å gjere det vanskelegare å få unntak frå forbodet mot søndagsopne butikkar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I Norge er det i dag forbod mot søndagsopne butikkar, med nokre unntak. Kioskar, bensinstasjonar og hagesenter er mellom desse. I tillegg vart det i 1997 innført eit unntak for såkalla «brustadbuer» i daglegvarebransjen.

Dette er daglegvarebutikkar med eit areal på under 100 kvadratmeter.

Eit argument for desse var mellom anna konkurransen frå bensinstasjonar og storkioskar som fekk stadig meir daglegvarer i sortimentet. I tillegg er det unntak der butikkane får halde ope av omsyn til turisttrafikken.

Begge deler er for å dekkje eit vesentleg behov.

Folk flest klarer seg godt med seks handledagar i veka. Likevel opplever sjølvsagt mange også at det kan oppstå «akutte» behov. Dei fleste av desse behova dekkjer brustadbuene eller bensinstasjonen.

Elles er behovet for å ha søndag som ein annaleisdag større enn behovet for opne butikkdører sju dagar i veka.

Meiningsmålingar har tidlegare vist eit fleirtal for å halde fram som no. LO, NHO og daglegvarebransjen er på same line. Fullt frislepp vil ikkje auke handelen, berre kostnadane og belastninga for butikktilsette.

Fleire lokalparti gjekk i valkampen inn for å få søndagsopne butikkar i sine kommunar. Det kan dei få ved å nytte unntaket som lova gir for typiske turiststadar, stadar der omsetninga i vesentleg grad er knytt til turistar og hyttefolk.

I dag har heile 119 kommunar søndagsopne daglegvarebutikkar med heimel i dette unntaket.

No ynskjer regjeringa ein ny gjennomgang av lova.

Problemet er ikkje sjølve unntaket. Opne butikkar på stadar der det er stor turisttrafikk er viktig for reiselivsnæringa, gjerne inkludert daglegvarebransjen. På mange stadar er turisttrafikken ein stor del av livsgrunnlaget for nærbutikken.

Difor må vi ha eit slikt unntak.

Når heile eller delar av 119 kommunar blir definerte som særleg turistavhengige av statsforvaltarane, er det likevel noko som skurrar. Så stor rolle spelar ikkje reiselivet i ei av tre kommunar. Her er statsforvaltarane sitt skjønn for romsleg, sett i høve til intensjonen bak lova.

I tillegg er det stor sprik i korleis ulike statsforvaltarar utøver sitt skjønn.

Vi treng ikkje ei strengare lov, men klarare retningsliner for unntaka.