Nokon meiner at rasisme ikkje finst i Norge. Det er dessverre ønsketenking. Kommentarfelt på sosiale medium er eit dagleg bevis på det.

Tinashe Williamson måtte ha vakthald då ho skulle snakke om rasisme og antirasisme på Ålesund bibliotek torsdag kveld. Det er ikkje heilt uvanleg at der er vektarar til stades på opne arrangement på biblioteket, men det spesielle denne gongen var bakgrunnen for vektarbehovet. Ålesund kommunes facebook-side om arrangementet måtte stengast ned på grunn av stygge og hatefulle kommentarar.

Når det i kommentarfelt blir brukt ord som parasittar om andre menneske, er det langt over grensa. Det er nettopp slike ord som bidreg til dehumanisering. Managementet til Williamson bad om at Securitas måtte vere til stades under foredraget. Det er uendeleg trist at det er nødvendig med vakthald når ein person skal dele sine erfaringar om rasisme.

På barneskulen opplevde Tinashe å stå heilt åleine, utan ein einaste venn. Ho har fortalt om dritslenging, om å bli stengt ute, om å bli dynka i urin og om lærarar som tilsynelatande ikkje brydde seg. Det var då ho sjølv skulle bli mor, at ho bestemte seg for at nok er nok. Ho orka ikkje tanken på at barna skulle vekse opp med med rasismen ho sjølv har opplevd.

I dag er Tinashe Williamson forfattar, skodespelar, modell og foredragshaldar, og ei viktig stemme for alle som opplever å bli diskriminerte på grunn av hudfargen sin. Ved å dele sine erfaringar, er Williamson med på å skape forståing for at rasisme er eit samfunnsproblem som angår oss alle. Det skal ho ha stor takk for.

Ordet rasisme har både ei smal og breiare tyding. Opphavleg vart ordet brukt om ideologiar og haldningar som deler menneske inn i påståtte «rasar» der nokon hevdar å vere meir verdifulle enn andre. I dag blir omgrepet også brukt om fleire former for etnisk diskriminering på basis av kjenneteikn som nasjonalitet, utsjånad, kultur eller religion. Felles for dei ulike formene er at den enkelte personen blir redusert til representant for ei gruppe.

Enkelte definerer rasisme så omfattande at all kritikk av innvandringspolitikk og islamisme blir tolka som rasisme. Det blir feil. Politikk og religionar skal det alltid vere rom for å kritisere og diskutere, elles har vi ikkje eit demokrati. Det er menneska vi skal verne om. Diskriminering på grunn av hudfarge, etnisitet, dialekt, legning eller andre forhold, er ikkje berre forkasteleg, men er med på å øydelegge eit samfunn innanfrå.

Vårt samfunn er tufta på eit verdisyn som slår fast at alle menneske har same menneskeverd og er like verdifulle. Vi må reagere når andre vert diskriminerte eller mobba, og ikkje tole så inderleg vel den urett som ikkje rammar oss sjølv.

Ved å dele sine erfaringar, er ho med på å skape forståing for at rasisme er eit samfunnsproblem som angår oss alle