Milliardane rullar fort om vi ikkje gjer meir for å ruste oss mot ekstremvêr, flaum og skred. Her har kommunane og fylkeskommunane ein viktig jobb å gjere.

Mange av dei er i gang med arbeidet, men altfor mange har kome altfor kort.

To av tre har ikkje sett av pengar til slikt arbeid i budsjettet, og endå færre har sett av eigne folk til dette arbeidet. Dette er dårlegare enn det var for tre år sidan, ifølgje ein fersk rapport frå Cicero.

Ekstremvêret Hans i august vart ein vekkar for mange. Ekstreme nedbørsmengder utløyste ras som tok med seg hus, vegar og gjorde skade på jernbane. Store område vart sett under vatn, og det vart gjort skadar på fleire milliardar.

Men Hans er ikkje åleine.

Hans er i selskap med Dagmar, Gyda, Tor og Ask. Alle desse er ekstremvêr som har herja langs kysten av Norge, og etterlatt seg store materielle skadar på grunn av sterk vind eller stor nedbør. Før ekstremvêra fekk namn, hadde vi Nyttårsorkanen, eit ekstremvêr som gjorde enorme skadar på Nordvestlandet nyttårsnatta i 1992.

Endå meir tragisk utfall fekk leirskredet i Gjerdrum i romjula i 2020, der ti liv gjekk tapt.

Med klimaendringane må vi vente at både ekstremvêr, flaum og skred kjem oftare og råkar hardare enn før. Likevel er altså mange kommunar kome svært kort i arbeidet med å bli betre rusta til å møte dette og redusere faren for tap av liv og skadar på eigedom og infrastruktur.

Tre av fire kommunar har vedtak om å jobbe med klimatilpassing, men berre kvar tredje har eigne folk til dette. To av tre har ikkje sett av pengar til arbeidet.

Både når det gjeld folk og pengar kjem kommunane dårlegare ut enn ved førre undersøking for tre år sidan. Og igjen er det dei små distriktskommunane som har kome kortast

Det er få kommunar som har kartlagt, planlagt eller gjennomført tiltak. Større og sentrale kommunar har gjort mest. Små distriktskommunar har kome kortast.

Undersøkinga støttar opp under biletet som Riksrevisjonen teikna i sin rapport i 2022. Ein av Riksrevisjonen sine konklusjonar var at mangelen på kartlegging og tiltak kan føre til unødvendige kostnadar for samfunnet og få konsekvensar for innbyggjarane sin tryggleik.

Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med å skape klimarobuste lokalsamfunn. Dei har mellom anna ansvar for viktig infrastruktur i sitt geografiske område, og må sikre denne, god beredskap og kritiske tenester. Det handlar ikkje berre om klimaendringar som kan kome, men som allereie skjer. Klimatilpassing er å ruste seg mot det uunngåelege.

Den jobben må gjerast no. Prisen blir høgre om vi ventar.