Innan fire år kan ferjer til små øysamfunn bli heilt gratis. Regjeringa meiner at folket på Nordøyane ikkje skal få ta del i denne gevinsten.

Dei må betale bompengar som om dei gamle ferjetakstane framleis gjeld.

Det er ikkje uflaks.

Dette er rein politisk uvilje.

Heile ideen bak ferjeavløysingsordninga er at staten spyttar inn det den skulle brukt på ferjedrift til det nye vegsambandet. For Nordøyvegen sin del er dette sett til 60,5 millionar årleg i inntil 42 år.

Denne summen vart rekna frå ferjesatsane i 2020.

Etter dette er takstane sett ned med 30 prosent. Staten betalar heile prisavslaget. Dersom regjeringa held lovnadane sine, kan slike samband bli heilt gratis for dei reisande innan fire år.

Og tilsvarande dyrare for staten.

I dag er det to ferjesamband til Nordøyane. Med gratis ferje ville staten sine utgifter til ferjedrifta ha stige kraftig. Når vegen blir opna, blir altså staten sin gevinst ved å leggje ned ferjene langt høgre enn 60 millionar årleg.

Dette meiner fylket at dei reisande må nyte godt av.

Om dette var kjøp av ei vaskemaskin dagen før den kom på sal, kunne ein kalle det uflaks. Dette er ikkje uflaks.

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) og leiar i samferdsleutvalet, Kristin Sørheim (Sp), har pressa på mot sine parti for å få gjennomslag for dette. Dei har møtt veggen, og fekk før helga tvert nei.

Regjeringa meiner at «bordet fangar». Reknestykket til den førre samferdselsministeren, Knut Arild Hareide (KrF), skal stå fast, sjølv om det la dei gamletakstane til grunn.

Om dette var kjøp av ei vaskemaskin dagen før den kom på sal, kunne ein kalle det uflaks.

Dette er ikkje uflaks. Her kunne«seljaren» ha justert «prisen» i etterkant. Utbetalingane har ikkje starta, og sambandet er ikkje opna.

Nordøyvegen er også det einaste sambandet som står i denne skvisen. Øysamfunn som kjem etter dette, vil få ei betre finansiering og lågare bompengekostnadar.

Likebehandling ville vore både rettvist og logisk.

Rettvist fordi det er kystsamfunn som står i akkurat same situasjon og har same utfordringar. Logisk fordi staten sine reelle kostnader med ferjedrifta som blir lagt til grunn i ferjeavløysingsordninga, ikkje er teoretiske tal.

Vi snakkar heller ikkje om eit lotteri der nokon skal ha trøystepremie og andre tar toppgevinsten. Dette er bruk av skattepengar for å fjerne konkurranseulemper som bremsar utviklinga av små kystsamfunn.

Om ikkje regjeringa forstår dette, bør Stortinget gjere det. Om eitt av partia i opposisjon tar fatt i denne saka, bør det vere lett å lose den gjennom til eit betre resultat i Stortinget.