Ikkje sidan 90-talet har fleire menn teke livet sitt enn i fjor. Dei nye tala frå Dødsårsaksregisteret er ei vond påminning på fleire vis.

Aller mest for dei som har mista nokon i sjølvmord eller som sjølv slit med sjølvmordstankar.

For alle andre fortel dei både kor viktig og kor vanskeleg det førebyggjande arbeidet mot sjølvmord er.

FHI la nyleg fram sjølvmordstala for 2021. Totalt 658 tok livet sitt i Norge dette året.

Det er over snittet for dei siste åra.

Ser vi på talet på menn som tok sjølvmord, må vi meir enn to tiår tilbake for å finne like høge tal. Heile 482 menn tok livet sitt i fjor.

Solberg-regjeringa la i 2020 fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Vi fekk då også for første gong ein nullvisjon for sjølvmord.

Som i med nullvisjonen i vegtrafikken er målet å få betre resultat med å samordne eit breitt sett av tiltak over fleire sektorgrenser.

Handlingsplanen involverer så ulike aktørar som helsevesenet, Forsvaret og vegvesenet.

Kvar for seg står ikkje dei 61 tiltaka i planen for banebrytande nytenking. Mange er også berre i startgropa, og det er for tidleg å spå om resultat.

Likevel kan vi slå fast at dette så langt er det beste vi har.

Styrken i ein slik plan er nettopp at den møter ei komplisert utfordring med den kompleksiteten den treng.

På same måte som for dødsulykker i trafikken, er årsakene til sjølvmord også ulike og samansette. Difor må tiltaka også vere det.

Nokre vil vere til hjelp for mange. Andre for svært få.

Noko av innsatsen må vere retta mot heile befolkninga, medan enkelte av tiltaka må spissast mot større eller mindre grupper av befolkninga.

Statistikken fortel oss at vi må rette ein særleg innsats mot risikoutsatte menn. Forhold knytt til den typiske mannsrolla er truleg medvirkande til at så mange menn tek sjølvmord.

Gutar og menn har kjønnspesifikke sosiale utfordringar, og er overrepresenterte i statistikken også på slikt som rus, skulefråfall og arbeidsløyse.

I følge Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging kan dette bli forsterka av at gutar og menn møter «feminiserte» arenaer i skule og helsevesen.

Innsats på førebygging virkar. Det veit vi frå erfaringane frå 90-talet. Då såg vi eit kraftig fall i talet på sjølvmord, før dei flata ut. Dei siste åra har dei dessverre byrja å stige.

Det er eit politisk ansvar å snu dette.

I handlingsplanen har regjeringa eit viktig verktøy. No må det følgje nok ressursar med den for å gjere nullvisjon til meir enn eit ord.