31. august 2024 blir ein merkedag for Sunnmøre. Det er nemleg ikkje kvar dag at ei prinsesse og ein sjaman inviterer til celebert bryllaup på våre trakter.

Mange sperra opp augo då Märtha Louise blei saman med forfattaren Ari Behn tidleg på 2000-talet. Behn var på det tidspunktet ein outrert og utradisjonell type etter norske standardar, og dermed sett på som ein uventa match for vår folkekjære prinsesse.

Men dei heldt saman i mange år, og etter kvart var det vel heller Märtha Louise som viste desto meir utradisjonelle sider – som då ho i 2007 hevda å kunne snakke med englar, og starta Astarte Education kor tok ho seg klekkeleg betalt for å lære andre det same.

Mange sperra opp augo igjen då forholdet med Durek Verrett blei kjent i 2019. Verrett er ein sjølvtitulert sjaman som har selt dyre medaljongar med påstanden om at dei kurerer korona. Vidare har han blant anna hevda at kreftsjuke barn har påført seg diagnosen sjølve ved tankekraft.

Det er dermed ikkje overraskande at næringslivssamarbeidet mellom dei to vekte harnisk i Norge.

Til slutt førte den uryddige bruken av prinsessetittelen til at Märtha Louise vart fråteken høve til representere Kongehuset, men det kunne ha blitt utfallet også utan at Verrett kom inn i bildet.

Paret vil nok halde fram med å skape kontroversar med sin hang til å promotere og ta betalt for udokumenterbare helseeffektar innan healing og New Age. Men det får vere deira sak no som Märtha Louise ikkje lenger har eit offisielt godkjentstempel frå Norges statsoverhovud.

Når dei no giftar seg i vårt verdsarvområde, er det i privat regi og dekt av eigne midlar.

Sjølv om bruda er prinsesse, blir det likevel ikkje eit standard kongeleg bryllaup – men heller ei storstilt feiring av kjærleiken mellom to kjente personar.

Glamour-faktor vil det nok ikkje mangle på, gitt den kongelege slekta til Märtha Louise og Verrett sine vennekrins av Hollywood-stjerner som Gwyneth Paltrow.

Ifølgje pressemeldinga blir bryllaupet lagt til Geiranger grunn av sin spektakulære fjord og sine dramatiske fjell som «representerer Norges rike kultur og naturskjønnhet». Vi skjøner godt valet deira, og synest det er ekstra stas å vite at PR-effekten vil bli enorm for reiselivet i regionen vår.

Vi ønsker paret lukke til med bryllaupsplanlegginga, og ønskjer dei hjartans velkomne til Sunnmøre i august 2024.