Stad Skipstunnel er igjen sett på vent, trass Stortinget sitt vedtak i 2021 om at tunnelen skal byggjast. Forklaringa er stor kostnadsauke.

Pengemangel er likevel ikkje åleine årsak til at Regjeringa set på bremsene.

Mangel på politisk vilje er minst like viktig.

Regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett er ein ny torpedo mot Stad Skipstunnel. Den blir fyrt av to år og ein dag etter at Stortinget mot MDG si eine stemme vedtok at tunnelen skal byggjast.

Alle som tok ordet i debatten i Stortinget, kappast om å gratulere kysten.

Etter minst 20 utgreiingar og nesten like mange omkampar, kunne flagga heisast. Også representantane frå dagens regjeringsparti, Arbeidarpartiet og Senterpartiet, var raus med godord og gratulasjonar.

Så, rett før byggjestart, sender regjeringa Kystverket ut på ei ny runde for å jakte på kostnadskutt. Innløysing av grunn blir satt i bero. Dette betyr også at utlysing av anbod blir skubba ut i tid, og byggjestarten vil verte utsett.

Stad Skipstunnel blir på ny sendt ut i uvissa.

Kraftig kostnadsauke er regjeringa si forklaring. Og det er rett at prosjektet har blitt dyrare enn dei 4,09 milliardane i kostnadsramme som låg til grunn for Stortinget sitt vedtak. I løpet av dei to åra som har gått har nemleg prisane på fleire innsatsfaktorar i anleggssektoren auka kraftig.

Men dette er ikkje unikt for Stad Skipstunnel. Denne prisauken har råka alle store byggjeprosjekt, alt frå vegar og jarnbane til sjukehus og universitetsbygg – eller flytting av rullebana til flyplassen i Bodø for den saks skuld.

Så er det også slik at bremsene er satt på for fleire større prosjekt. Men slett ikkje alle.

Både prosjekt som er under bygging og nye, gryteklare prosjekt får utvida rammer. Elles ville det blitt full stopp. Senking av tunnelen på Ring1 i Oslo med nokre få meter til over tre milliardar, får det. Sjølv flytting av rullebana til flyplassen i Bodø for å gi plass til ein ny bydel, får det.

Stad Skipstunnel får det ikkje, endå ingenting anna enn den generelle prisauken er endra frå då Stortinget gjorde sitt vedtak 11. mai 2021. At kommentatorar og leiarskribentar i delar av Oslo-pressa i aukande grad prøver å gjere skipstunnelen til ein nasjonal samferdslepolitisk hakkekylling endrar ikkje på dette faktumet.

Det desse har teke til orde for er ein omkamp om stortingsvedtaket. Ein slik omkamp bør ikkje regjeringa slutte seg til. Slik budsjettframlegget er utforma, er det nettopp slik det framstår.

Dette er mangel på politisk vilje.