Stortingsrepresentant Une Bastholm overraska mange då ho sist veke varsla at ho trekk seg som partileiar for Miljøpartiet De grønne. Ho forklarte avgangen med at ho vil ha meir tid saman med dei to små døtrene sine, og opplever at tida ikkje strekk til når ho skal vere partileiar og stortingsrepresentant samtidig. Bastholm er imponerande klar i sine prioriteringar, og fortener både ros og respekt.

I ettertid er det fleire som har reist spørsmål om det i det heile tatt er mogleg for småbarnsforeldre å ha toppverv i politikken. Bastholm svarer at det har ho i mange år vist går an, og både Audun Lysbakken (SV), Guri Melby (V) og Sylvi Listhaug (Frp) er partileiarar med små barn. Ingen tvil om at dette er ein kombinasjon som krev mykje både av den enkelte politikar og omgivnadane, men det går. Både barn og familiar er ulike, og derfor må den enkelte finne ut kva som er best for seg og sine.

Det som er viktig er at parti og organisasjonar legg forholda til rette for at folk i ulike livssituasjonar kan engasjere seg politisk, og også ha toppverv. Det kan til dømes handle om å unngå å legge viktige møter til kveldstid når barn skal leggast. Demokratiet er avhengig av at ulike grupper er representert, både når det gjeld alder, kjønn, sivilstand og bakgrunn, og det må vise igjen i praksis.

Å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge er ei særdeles viktig politisk oppgåve, som mange må samarbeide om. God oppvekst er prega av trygg og stabil tilknyting til omsorgspersonar, gode vaksenmodellar samt velfungerande barnehage, skule, nærmiljø og buforhold, ifølge Helsedirektoratet. Forsking viser ein tydeleg samanheng mellom belastningar i barndommen, og negative utfall seinare i livet, som kan føre til at unge fell ut av skule og arbeidsliv. Barns oppvekstvilkår er med på å avgjere kva samfunn vi får i framtida, og derfor er dette eit tema som vedkjem oss alle. Vi har behov for politikarar som kan få fram barns behov i ulike saker, og som kan målbere deira interesser i eit framtidsperspektiv.

Bastholm opplevde at ho hadde strekt seg for langt ved å prøve å kombinere tre ansvarsfulle jobbar, som partileiar, stortingsrepresentant og småbarnsmor. Det er både klokt og rett å erkjenne at det går an å strekke seg for langt, og det kan inspirere fleire til å sette eigne grenser. Bastholm held fram som stortingsrepresentant, og kan nok også kome tilbake som partileiar seinare, for det er behov for politikarar som våger å prioritere tid med barn.