Dei var framsynte dei som i 1970 meinte at den nye distriktshøgskulen i Volda burde satse på mediefag. Det vart sett ned ei gruppe som skulle planlegge det nye tilbodet, der mellom andre Ivar Grimstad og Joachim Rønneberg var med. Under provisoriske forhold vart dei første studentane tatt i mot året etter, og med åra har Volda utvikla eit av Norges beste utdanningstilbod innan mediefag. Med det nye mediebygget, som stod ferdig i fjor haust, har Høgskulen i Volda løfta nivået fleire hakk vidare.

I helga er 50 års jubileet til avdelinga for mediefag blitt feira. Avdelinga har i dag meir enn 500 studentar, 50 tilsette og tilbyr utdanning i både journalistikk, animasjon, PR og kommunikasjon, medieproduksjon samt eit internasjonalt masterprogram.

Ein viktig suksessfaktor for medieutdanninga i Volda var at dei tidleg skaffa seg same type utstyr for radio og tv-produksjon som NRK, som den gongen var monopolbedrift. Med fri tilgang til avansert utstyr døgnet rundt, kunne studentane skaffe seg verdifull erfaring, som gjorde at dei kunne gå direkte frå skulebenken og ut i jobb. Volda-studentane har i mange år vore svært ettertrakta, særleg innan radio og tv-produksjon.

I dag er utstyrsbehova annleis, og teknologien har skapt mange nye moglegheiter. Teknologi og nye digitale verktøy må utnyttast både til å grave fram informasjon, og formidle innhaldet på best mogleg måte. Aller viktigast er likevel grunnleggande forståing av samfunnsrolla til media, og kunnskap om korleis demokratiet fungerer. Pressa skal overvake alle med makt i samfunnet, men skal du kritisere makta, må du ha kunnskap. Utan grunnleggande kunnskap om maktfordeling, offentleg forvaltning, økonomi, religion og kultur, blir ikkje jobben godt nok utført.

Ei fri, uavhengig presse er mellom dei viktigaste institusjonane i eit demokratisk samfunn, og derfor er det avgjerande at utdanninga av journalistar held høg kvalitet.

Det nye mediebygget har fått namnet Sivert Aarflot-huset, etter folkeopplysningsmannen som dreiv det første trykkeriet på landsbygda, gav ut avis og starta folkebibliotek. Denne pioneren for opplysning gjennom media er eit godt forbilde. Framtidsretta medieutdanning må vere kunnskapsbasert, der ein legg vekt på søking etter sanning. Nett slik som det er nedfelt i Grunnlova paragraf 100, der ytringsfridomen blir grunngjeve i behovet for sanningssøking, demokrati og fri meiningsdanning. Situasjonen i dagens Europa viser oss kor livsviktig denne fridomen er.