Utan vilje, vel å merke, kan politikarar utgjere ein trussel mot demokratiet.

Kommunal- og distriktsdepartementet sender i desse dagar ut ein informasjonsbrosjyre i posten til alle som står på ei valliste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet. Det same blei gjort i 2019. Brosjyren skildrar korleis framande statar og andre aktørar kan forsøke å få tilgang til sensitiv informasjon, og gi råd om kva ein kandidat kan gjere for å hindre dette.

Det kan vere alt frå å tak i telefon-kontaktlista til kandidaten, eller få vedkomande til å fortelje personlege detaljar om folk i eige eller andre parti. For som tittelen på brosjyren seier: «Du er av interesse».

Blant Norges statsfiendar er det neppe så altfor nøye om det er Støre, Solberg eller ein annan partitopp som styrer landet. I eit internasjonalt perspektiv er det nemleg ikkje så store konfliktlinjer i norsk politikk. Jamt over er alle partia samde om at velferdsstaten og demokratiet er bra saker.

Derfor vil fiendar heller prøve å få folk til å tvile på eigne styresmakter, og med det skape grobotn for eigne interesser på norsk jord.

«Politikarforakt» er eit kjent fenomen i Norge. At nordmenn kan ope ha eit kritisk blikk på dei som sit i maktposisjonar, er i seg sjølv ein viktig demokratisk verdi. Men om det bikkar over i generell mistillit og skepsis, så er vi over i eit farleg spor. Det representative demokratiet vårt vil vere på hell.

Dessverre rotar enkelte norske politikarar det kraftig til for seg sjølv. På den måten gir dei statsfiendar ei ufrivillig handsrekning.

Nylege eksempel er Raudt-leiar Bjørn Moxnes sitt private brilletjuveri og habilitetsskandalen til avgåtte Ap-kulturminister Anette Trettebergstuen. Ein skal heller ikkje langt tilbake i tid før lista begynner å bli lang av stortingsrepresentantar som har utnytta posisjonen sin til falske reiserekningar og skattetriksing med pendlarbustadar.

Skulle media slutte å rapportere om kritikkverdig oppførsel for å verne politikarane? Nei, for om lovgivarar sjølv bryt lovene vil korrupsjon og nepotisme kunne få fritt spelerom. Å overvake alle med makt, er ein viktig del av vårt samfunnsoppdrag.

Skulle politikarar heller slutte å oppføre seg så gape? Definitivt. Det hadde vore det beste.

Eit generelt råd til alle noverande og komande folkevalde; hald deg innanfor lovar og reglar, både på jobb og på privaten. Om ein skandale blir avdekt, så legg alle kort på bordet. Det handlar ikkje berre om ditt eige skinn, men om tilliten til det norske demokratiet. Våre autoritære fiendar i aust vil gni seg i hendene, om tilliten blir svekka.

Derfor vil fiendar heller prøve å få folk til å tvile på eigne styresmakter, og med det skape grobotn for eigne interesser på norsk jord