Rundt 80 innbyggjarar i fleire utkantbygder i Møre og Romsdal har fått beskjed om dei kan misse ferja. Erstatninga kan bli hurtigbåt nokre dagar i veka.

For fleire av desse stadane kan eit slikt kutt på litt sikt bety farvel til fastbuande.

Signalet som blir gitt er klart: Desse samfunna skal det ikkje satsast på.

I alt 12 små kystsamfunn står på fylkeskommunedirektøren si liste over stadar som kan få endra rutetilbod. Seks av desse har i dag ferjetilbod med opptil ni daglege avgangar.

I framtida kan dei risikere å måtte sjå ferja segle forbi – bokstaveleg talt.

Stadane dette gjeld er Skår og Trandal i Hjørundfjorden, Sandøya, Ona og Store Kalvøy i Ålesund og Orta i Aukra kommune. Desse samfunna har i dag frå to til 34 fastbuande.

Ona har no opptil fem daglege ferjeavgangar. Det kan bli til redusert til hurtigbåt tre gongar i veka. Trandal og Skår vil ende opp med det same om ferja blir borte.

Sandøya i Ålesund er den største staden på lista.

Øya har i dag har 34 fastbuande, og der er mellom anna gardsdrift med storfe. Her kan opptil ni daglege ferjeavgangar bli redusert til ein dagleg rundtur med hurtigbåt.

Ingenting tyder på at fylkespolitikarane vil gå inn for slike kutt no, trass i at fylkeskommunedirektøren svarer ut ei bestilling dei sjølve gjorde i 2019. Til det blir både konsekvensen og spetakkelet for stort.

Behovet for å fastsetje ein standard er likevel udiskutabelt. I dag er det i for stor grad tilfeldigheitene som rår. Slik bør det ikkje vere. Tilbodet bør vere både føreseieleg og rettvist for dei som bur på desse stadane.

Dette framlegget til ny standard er likevel for brutalt.

Så lenge storsamfunnet vil at det skal bu folk på slike stadar, må det også leggjast til rette for å utvikle dei. Å fjerne ferja er det motsette.

Blir det vanskeleg eller umogeleg å få ei gravemaskin eller ein betongbil i land, vil berre noko så enkelt som å få bygd eit uthus bli svært vanskeleg.

Etablering av ei mindre produksjonsbedrift vil på det næraste vere utenkjeleg. Gardsdrift med over 100 storfe på Sandøya kan ikkje halde fram om hurtigbåt er einaste transport til fastlandet.

Fylkeskommunedirektøren sitt framlegg til framtidig prinsipp for rutetilbodet til slike stadar har minst to klare svakheiter. For det første svarer ikkje utgreiinga ut kva det betyr økonomisk.

Er det eit kostnadsspørsmål bør politikarane i det minste vite kva det er å vinne på å kutte ut ferja.

Endå verre er det at utgreiinga ikkje svarer ut kva som kan gå tapt. Å fjerne ferja vil bety avfolking, fleire folketomme feriehus og nye episodar i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».