Kvar femte norske arbeidsplass er i ei eksportbedrift, anten ei som sjølv eksporterer varer eller tenester eller ei som er underleverandør til slike. Vestlandet er hovudmotoren som drar lasset for norsk eksport.

Her har oljenæringane sitt fotfeste, men det er også her fastlandseksporten står sterkast.

Fire av ti kroner i eksportinntekter frå varer og tenester utanom olje og gass kjem frå verdiar som er skapt i bedrifter frå Egersund i sør til Smøla i nord.

For bedrifter langs denne kysten var fjoråret eit gullår. Året var heller ikkje så ille for norsk eksportindustri totalt sett. Hadde det ikkje vore for at prisen på gass stupte frå rekordåret 2022, kunne norsk eksport ha sett tidenes rekord i fjor.

Det kjem fram i Menon Economics si ferske, årlege eksportmelding måndag.

2023 vart tidenes nest beste eksportår. Fastlandseksporten hadde nemleg sitt beste år nokon gong. Norske bedrifter eksporterte i fjor varer og tenester til ein samla verdi på 1.225 milliardar utanom olje og gass.

Havnæringane står for det aller viktigaste bidraget til dette. Maritim næring dreg det største lasset med ein samla eksportverdi på 230 milliardar. Sjømatnæringane gir også eit solid bidrag, med eksportrekord og 165 milliardar blanke kroner i kassa.

I det mest eksportavhengige fylket i landet, Møre og Romsdal, kan vi godt koste på oss å feire litt ekstra.

Kvar fjerde arbeidsplass i fylket er direkte eller indirekte knytt til fastlandseksporten. God fart i maritimt næringsliv, sjømatnæringa og aluminiumsverket på Sunndalsøra betyr arbeid til mange og aktivitet i bygd og by.

Ingen andre fylke er i nærleiken av å vere like eksportavhengige som Møre og Romsdal.

Trass i at norsk eksport legg bak seg eit godt år, skal vi likevel ikkje overdrive feiringa. Dei underliggande tala viser nemleg eit litt anna bilete. Fastlandseksporten har hatt ein svakare vekst for Norge enn for våre naboland.

Ein godt smurt oljeøkonomi har kamuflert dette.

Samtidig kan mykje av veksten i fastlandseksporten i fjor forklarast med ei svak norsk krone. Den svake krona har gjort det billegare for å kjøpe norske varer, samstundes som vi får auka eksportverdi også på fallande volum.

Vi står no framfor ei tid der vi må vente mindre og mindre draghjelp frå oljeinntektene, samstundes som vi treng å investere meir i forsvar, beredskap og helse. Om vi ikkje vil akseptere dårlegare velferdstenester, må vi derfor få opp takta i anna næringsliv og eksport.

I det bildet er veksten i fastlandseksporten dessverre for dårleg. Vi heng til og med etter på regjeringa sitt mål om ein eksportvekst på 50 prosent innan 2030.