Uansett kor det blir satsa på å få fleire til å reise kollektivt, kjem vi ingen veg om der ikkje er nokon til å køyre bussen. Nettopp det kan bli tilfelle om få år.

Rekrutteringa til bussjåføryrket sviktar. Til no er mangelen på sjåførar dekt opp ved pensjonistar som jobbar deltid. I lengda vil ikkje det vere nok.

Bussjåførkrisa er på veg til eit busstopp nær deg.

I rapporten «Hvem kjører bussen?» slår Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) alarm på vegne av distrikta i Norge. For det er her sjåførkrisa rammar først og hardast. Ifølgje rapporten kan situasjonen i distrikta vere i ferd med å bli akutt.

Bygderuter og skuleskyss blir mange stadar berga av pensjonistar som jobbar deltid eller som tilkallingsvikarar. Det er meir bruk av deltid blant bussjåførar no enn før.

Sjølv om dette i stor grad er frivillig deltid, er det eit problem. Deltidsjobb lokkar ikkje nye, yngre sjåførar til yrket. I tillegg er heller ikkje lønna den beste.

Årsaka til mykje deltid i distrikta, er at trafikken her relativt sett går meir i bølgjer enn byane. Lovpålagt skuleskyss og arbeidspendling gir trafikktoppar om morgonen og ettermiddagen, medan det svært lite passasjerar mellom desse toppane.

I dag jobbar 30 prosent av sjåførane deltid. Gjennomsnittsalderen på desse er 63 år.

I byane er det meir trafikk også mellom toppane, slik at det er enklare å lage skiftordningar som gir heile stillingar.

Gjennomsnittsalderen på bussjåførar er høg. Sunnmørsposten kunne i sommar presentere statistikk frå Vy som syner at den i Møre og Romsdal er på 55 år. Samstundes er det svært få unge som søkjer seg direkte til yrket. Berre to i heile fylket hadde då søkt som lærlingar for å bli bussjåfør.

Til no i haust var det på det tidspunkt ingen.

Andre unge som utdannar seg på transportlinje ved dei vidaregåande skulane i fylket, søkte seg heller til lastebil eller langtransport. I alle fall tidleg i yrkeslivet. Kanskje vil nokre seinare velje bussen, om kollektivselskapa kan tilby levelege skiftordningar, ein fulltidsjobb og ei løn å leve av.

Norske distriktskommunar er ikkje åleine om å mangle sjåførar. Svært mange land i Europa står i same knipa. Dette er likevel inga trøyst. Heller tvert imot. Det betyr berre at kampen om framtida sine bussjåførar blir endå tøffare.

Kollektivtilbodet i distrikta kan i verste fall bryte saman.

At mange bussjåførar er veteranar i yrket som jobbar lenger enn dei må eller tidlegpensjonerte politifolk, er hyggeleg. Men det er også eit varsel. Skal vi hindre ei meir alvorleg sjåførkrise, må vi vere føre var.

Det må vi vere no.