Gjenbruksbutikkar over heile landet hadde rekordomsetning i fjor. Utanfor gjenbruksbutikkane på Lerstad og i Fremmerholen i Ålesund er det ofte kø av folk før butikkane opnar. Siste åra har det dessutan dukka opp fleire nye typar bruktbutikkar på Sunnmøre, der ein kan selje sine eigne klede, og kjøpe brukt i same butikk.

Bruktkjøp blir stadig meir populært, og det er mange årsaker til det. Enkelte jaktar på det unike, andre vil spare pengar og atter andre er mest opptekne av miljøaspektet. Uansett motiv, er den aukande interessa for gjenbruk svært gledeleg. Ved å kjøpe brukt i staden for nye varer, er vi med på å redusere avfallsmengdene og utsleppa til naturen.

Tekstilindustrien er ein av verdas mest forureinande industri, ifølgje FN. Ikkje mange tenker på at klesindustrien bidreg til meir av CO₂-utsleppa, enn den totale internasjonale flytrafikken. Klesproduksjonen krev store mengder vatn og energi, og det blir brukt ein god del sprøytemiddel og kjemikaliar i produksjonen.

Nesten halvparten av brukte tekstilar blir kasta i restavfall. Svært mykje av dette kunne ha vore brukt om igjen, eller brukt i nye produkt.

For å innfri EUs direktiv om avfall må Norge innan 2025 få på plass ein eigen innsamlingsordning for tekstilavfall. Resirkulering av tekstilar er ein viktig del av EUs plan for å gjere Europa meir berekraftig og konkurransedyktig. Klede skal designast slik at dei får lengre levetid, og bruken av miljøgifter i tekstilindustrien skal reduserast. Tekstilane skal innehalde mindre fiberblandingar, slik at materiala blir lettare å gjenvinne.

Ifølge Ellen MacArthur Foundation blir mindre enn ein prosent av klesmateriale i verda resirkulert for ny bruk, mellom anna fordi det er dyrt å skilje ut billeg, miljøskadeleg polyester frå bomull.

Som forbrukarar kan vi bidra til å gjere klesindustrien meir berekraftig, ved å velje klede med lang levetid, og unngå bruk- og-kast-kjøp. Resirkulering av tekstilar er viktig, men den aller mest effektive måten å spare miljøet, er å bruke om att og reparere.

Mange gjenbruksbutikkar fungerer som sosiale samlingsstadar, takka vere frivillige som gjer ein stor innsats. Millionbeløp blir samla inn til veldedige formål, samtidig som ein sparer miljøet for skadelege utslepp.

Ved å kjøpe brukt i staden for nye varer, er vi med på å redusere avfallsmengdene og utsleppa til naturen