SV fekk sin store olje-siger i statsbudsjettet, men utan at alarmen går i oljeselskapa. Det blir heller ingen fest i Moskva, slik Frp påstår.

I praksis betyr det nemleg lite at 26. konsesjonsrunde blir utsett nokre nye år.

Oljeselskapa har meir enn nok felt å boltre seg på allereie.

På pressekonferansen med dei tre raud-grøne partileiarane tysdag kveld, var Audun Lysbakken (SV) den som hadde aller størst grunn til å stråle. Han hadde fått flytta budsjettet fleire hakk i SV si retning.

Først og fremst fordi budsjettet no gir meir til nokre av dei gruppene som har minst, og som blir hardast ramma av høg inflasjon og energikrisa.

Symbolsk var likevel kanskje gjennomslaget for å la vere å lyse ut 26. konsesjonsrunde i denne stortingsperioden. At det var ei sak som det sat langt inne for regjeringspartia å gå med på er det liten tvil om.

Så seint som i helga sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) at dette var ei sak som ikkje låg på bordet i budsjettforhandlingane med SV. Gjennomslaget kom altså i løpet av dei to siste døgna av forhandlingane.

I delar av fagrørsla slo utsetjinga ned som ei lita bombe.

«Eit uheldig signal», seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. «Uansvarleg», hevdarForbundsleiar Jørn-Henning Eggum i Fellesforbundet. «Fest i Moskva», påstår Terje Halleland (Frp), og meiner det styrkar Putin i energikrigen mot Vesten.

Realiteten er at aktiviteten på norsk sokkel held fram som før. Det er ikkje noko stort sug i oljenæringa etter nye felt i ein ny konsesjonsrunde. Fokuset no er å utvikle og vinne ut såkalla modne felt.

Her er det framleis store olje- og gassressursar.

Det er derfor ikkje noko massivt krav frå oljenæringa å få opna heilt nye område no.

Dei modne felt som blir utlyst i dei såkalla TFO-rundane, ligg også nær etablert infrastruktur. Det gir lågare utbyggingskostnadar. Då søknadsfristen gjekk ut i september, hadde 26 selskap meldt si interesse. Tildeling av løyve vil skje tidleg neste år.

Også i førre søknadsrunde var det stor interesse frå selskapa. I sum vil dette gi stor aktivitet på norsk sokkel i mange år framover. Utlysing av 26. konsesjonsrunde ville tidlegast ha skapt aktivitet der om ti år.

SV sitt gjennomslag er altså mest av det symbolske slaget.

Når miljøorganisasjonane er skuffa, så er dei nærare sanninga enn dei som slår alarm på vegner av oljenæringa. Så lenge oljeskattepakken i det store og heile blir som før og oljeprisen er høg, gir oljeselskapa full gass.

Det er langt fram til den siste olje på sokkelen.