Vigra kringkastar har ein viktig plass både i lokalhistoria og i nasjonal kringkastingshistorie. Ei lokal venneforeining har lenge arbeidd for å ta vare på og dokumentere denne historia. Dei bør få støtte, ikkje ei kald skulder.

Vigra kringkastar var lenge ein av dei viktigaste kringkastarane i landet. Den vart etablert i 1935, og seinare både utbygd og ombygd fram til den vart tatt ut av drift i 2011. Den over 200 meter høge masta vart då riven.

Sendaren spelte mellom anna ei viktig rolle for det frie Norge i dagane etter krigsutbrotet og fram til den vart bomba og seinare overteken av okkupasjonsmakta. Etter kvart som FM-nettet overtok fekk sendaren på Vigra mindre praktisk betydning for den vanlege radiolyttar, men var dei seinare åra også svært viktig for fiskeflåten og handelsflåten.

Trass i denne historiske betydninga slo Riksantikvaren tidlegare i år fast at bygga som står att etter sendaren ikkje har nasjonal verneverdi, mellom anna fordi anlegget ikkje lenger er komplett.

Riksantikvaren meiner likevel at sendaren representerer viktig regional historie, og meiner at Giske kommune eller andre bør ta vare på den. Ordføraren i Giske har sagt at dei kan hjelpe med eit eingongsbeløp, men at det ikkje er aktuelt å ta på seg driftskostnadar.

Utan vern og utan nokon som kan ta på seg ansvaret for kostnader til vedlikehald og drift av eit museum, står no kringkastingsbygga i fare for å bli jamna med jorda. Eigaren, Norkring, har til og med sagt nei til å stille på eit møte om bevaring i dag fordi dei meiner riving uansett blir resultatet.

I så fall blir dette eit uerstatteleg tap. Stasjonsbygningen med innhald og all dokumentasjon er det all grunn til å ta vare på. Det bør sjølvsagt vere ei nasjonal oppgåve i regi av Norsk Telemuseum, eventuelt i samarbeid med Sunnmøre Museum eller andre lokale krefter.

Det er trist at Telenor/ Norkring ikkje ser dette, og sjølve tek eit større ansvar. Det er forståeleg at dei som eigarar ikkje kan ta på seg å drive eit museum, men det betyr ikkje at dei berre kan sitje med hendene i kryss og sjå på at historisk dokumentasjon går til grunne.

Til no har eigaren vore altfor passiv i arbeidet med å få til ei løysing. Eigaren bør no gå i allianse med venneforeininga for å finansiere drift og finne partnarar.