Når Ekornes nedbemannar med 190 årsverk, får det store konsekvensar langt utanfor møbelbygda Sykkylven. Inntil 150 årsverk skal kuttast i produksjonen i Norge, og i tillegg skal støttefunksjonar reduserast med inntil 40 årsverk. Dette er dramatisk for dei som blir direkte ramma, og for dei som må sjå at gode kollegaer sluttar. Salet av møblar har stupt dei siste månadane, samtidig som råvare- og transportkostnadar har auka. Marknadsforholda har endra seg, og dette gjer det nødvendig å tilpasse produksjonskapasiteten til nivået før pandemien, forklarer bedriftsleiinga.

Det har vore bratte opp- og nedturar for Ekornes siste åra. I mars 2020 var det krise, fordi pandemien sette stoppar for møbelbestillingar. Så snudde alt; Folk brukte koronatida til å pusse opp hus og kjøpe nye møblar, og det vart sett salsrekordar. Den historisk store etterspurnaden førte til at det vart tilsett fleire hundre nye arbeidarar.

I mars i år vart Ekornes kåra til årets eksportbedrift, og det låg an til eit nytt rekordår. Men så gjekk Russland til åtak på Ukraina, og folk i Europa fekk andre ting å tenke på enn innkjøp av lenestolar.

Ekornes, som er Norges største møbelkonsern, har klart seg godt gjennom kriser tidlegare. Bedrifta har vist at den har solid omstillingsevne, og alt tyder på at den vil klare seg godt i denne motbakken også.

Det viktigaste no er å sikre at dei som mister jobben får god oppfølging. Først og fremst av omsyn til den enkelte, som fortener rettferdig og god behandling. Men også av omsyn til samfunnet. Det beste tiltaket er at folk kjem raskt i jobb igjen. Det er mangel på arbeidskraft innan fleire område.

Ekornes er kjent for å ha dyktige medarbeidarar, med stor stå-på-vilje. Dette er ettertrakta tilsette som andre verksemder kan vere interessert i å få tak i. Møre og Romsdal har for tida låg arbeidsløyse, og mange ledige jobbar. Størst er behova innan helse, pleie og omsorg, bygg og anlegg. Det er derfor avgjerande at folk kan bli kjent med moglegheiter som finst i regionen, og eventuelt få hjelp til å skaffe seg ny kompetanse, dersom det skulle vere nødvendig.

Ekornes nedbemannar også i Asia, der 700 årsverk skal vekk. To fabrikkar i Vietnam skal leggast ned, og produksjonen blir flytta til Thailand. Etterspurnaden etter møblar svingar, og det gjer også behovet for arbeidskraft. Det viktige er at arbeidstakarar blir behandla med respekt, både ved opp- og nedbemanning.

Det er mangel på arbeidskraft innan fleire område