Koronakrisa gjer det heilt naudsynt med nye, omfattande støtteordningar til næringsliv, kommunar, fylke og helseføretaka. Regjeringa sin nye koronapakke er eit langt steg i rett retning.

No hastar det med å få den gjennom i Stortinget.

Bedrifter i mange utsette bransjar har slite lenge, og balanserer på kanten av stupet. Dei må få sleppe å måtte vente på å få vite kva hjelp dei får. På veg inn i ei ny smittebølgje er det samstundes viktig å etablere ordningar som gir føreseielege rammevilkår.

Den nye koronapakken har ei samla ramme på i alt 17,7 milliardar kroner. I denne ramma er det gitt plass til mellom anna ei kompensasjonsordning for bedrifter med stort omsetningsfall, målretta tiltak til reiseliv, kultur og eventbransjen og vidareføring av arbeidsmarknadstiltak.

For verft på Nordvestlandet er det særleg viktig at regjeringa no stiller opp med pengar for å dekkje meirutgifter til smitteverntiltak for innleigd utanlandsk arbeidskraft. 480 millionar kroner er sett av for å kompensere smittevernutgifter for bedrifter som ikkje nyttar offentlege karantenehotell, men som har eigne karanteneordningar.

Fleire verft som allereie slit med lønsemda, har hatt svært store ekstrakostnader for å få heilt naudsynt arbeidskraft på plass. Vard har på sine verft brukt ein halv million om dagen på slike tiltak, og har åleine hatt meirkostnader på over 45 millionar på smitteførebygging.

No skal forslaget til krisepakke gjennom i Stortinget.

Frp-leiar Siv Jensen vil ha dette gjennom som ei hastesak og ikkje som ein del av budsjettforhandlingane. Det kan sjølvsagt ha taktiske årsaker for eit parti som sit i vippeposisjon i budsjettforhandlingane for første gong på sju år. Det er ikkje på krisepakken partiet får markert sine hjartesaker på. Tvert om vil alle parti i opposisjon stå klar med påplussingar.

Partitaktikken skal ikkje vere det avgjerande. Det også både fornuftig og naudsynt å sjå krisepakken og statsbudsjettet i samanheng.

Likevel bør Jensen sitt råd om å hastebehandle denne saka følgjast. Forhandlingane om budsjettet kan trekkje i langdrag. Det kan ikkje kriseråka bedrifter vente på. Svært mange bedrifter i utsette bransjar har stått på kanten av stupet lenge no.

No er mange av desse inn i ei særleg vanskeleg periode, særleg i reiseliv og serveringsbransjen. Må dei vente lenge på ei avklaring, kan vi sjå starten på eit konkursras som vi hittil har klart å unngå.