I dag kjem nok Kyrkjemøtet som er samla i Trondheim til å vedta at det skal utarbeidast ein liturgi som gjer det mogeleg for personar av same kjønn å gifte seg i Den norske kyrkja. Ein årelang strid ligg bak, og den er ikkje slutt med dette vedtaket.

Seks av biskopane meiner framleis at ekteskapet etter Guds ord er for mann og kvinne, men for å få slutt på striden har dei sagt ja til at det kan utarbeidast ein liturgi for homofile par. Det er samtidig eit vilkår at den gamle liturgien skal gjelde som før, og skal kunne veljast av dei som ønskjer det.

Den nye liturgien for likekjønna par skal også vere slik at han kan brukast av heterofile par. Prestane har rett til å reservere seg mot å bruke den nye liturgien, og når han blir ferdig til vedtak på Kyrkjemøtet neste år, blir det spennande å sjå kor mange giftarmål som blir inngått med ny liturgi.

På Vestlandet kjem nok den gamle liturgien framleis til å dominere. Kyrkjeforliket i Stortinget i 2008 handla om å lausrive kyrkja frå staten, men etter 500 år med statskyrkje, er det ikkje lett å kutte alle band. Ikkje er det ønskjeleg heller.

I Sverige har kyrkja blitt skilt frå staten, mens ein i Danmark har halde fast på statskyrkja. Den danske kyrkjeministeren, Bertel Haarder, har eit poeng når han i ein kronikk i Aftenposten seier at det ikkje er mogeleg å skilje kyrkja frå staten: «Vi kan jo ikke fjerne kristendommen fra vår litteratur, våre salmer, vår historie, vår kunst og kultur. Alt er preget av at kristendommen har vært her i tusen år.» Så sant som det er sagt.

Sjølv om vi er blitt meir sekulariserte og sjølv om over halvparten av nordmenn i meiningsmålingar seier dei ikkje trur på Gud, så er det til kyrkjene dei søkjer når sorga tyngjer og ein er uroleg for framtida,

Framleis står det i Grunnlova at Den norske kyrkja skal vere Norges folkekyrkje, og som det skal ho understøttast av staten. Statsbudsjettet til hausten blir det første som vil vise kor raus staten vil vere i så måte. Noko av det viktigaste er å sørge for at kulturhistoria vår i form av kyrkjene blir vedlikehaldne og tekne vare på. Det gjeld både dei gamle kyrkjene og dei nyare.

Det er primært ei kommunal oppgåve å ta vare på kyrkjebygningane, men for mange kommunar med gamle og verneverdige kyrkjer er dette ei for stor oppgåve. Her har staten eit stort ansvar.

Dei kyrkjelege tilsette blir ikkje lenger statleg tilsette, men skal lønnast av Den norske kyrkja.

Teologisk vil det framleis vere store spenningar i Den norske kyrkja. Bispekollegiet er delt på midten, og denne usemja har ikkje kyrkjemøta og den interne debatten så langt greidd å rydde av vegen. Det vil framleis vere strid om likekjønna ekteskap er i samsvar med det som står i Bibelen.

Denne spenninga kan vise seg å vere så sterk at kyrkja kan oppleve avskaling både blant dei mest bibeltru og blant dei som meiner den nye vigselspraksisen ikkje går langt nok. I kor stor grad den nye liturgien vinn fram, vil angi retninga.