Fylkesrådmannen i Møre og Romsdal vil utsetje bygginga av Nordøyvegen – igjen. Gjeldssituasjonen til fylket får fylkesrådmannen til å ta fram sparekniven, og det er ikkje berre Nordøyvegen som får den retta mot seg i framlegget til budsjett og økonomiplan.

Også investeringar i vidaregåande skular i Ålesund, Gjermundnes og Ørsta blir sett på vent saman med nytt opera- og kulturhus i Kristiansund. Sjølv om fylkesrådmannen ikkje skrinlegg desse prosjekta, skaper det dessverre ny uro og uvisse om viktige utviklingsprosjekt.

Vi må sjølvsagt akseptere at pengane ikkje kjem på bordet før det er bruk for dei. Men vi kan ikkje akseptere at kvileskjera som fylkesrådmannen foreslår, blir feilskjer som gjer at viktige utviklingsprosjekt stuper i siste sving før mål.

Fylkesrådmannen har grunn til å vere uroleg. Gjelda har auka sterkt dei seinare åra. Allereie no er den på rundt fire milliardar, og vil uansett stige til fem i 2019. I det mest ytterleggåande scenariet til sju milliardar.

Samstundes er dagens driftskostnader for høge, og fonda må tappast for å få det til å gå rundt. Ei årsak er at kostnadane til ferjedrifta har skote i vêret, utan at staten har kompensert denne kostnadsauken fullt ut.

Fylkeskommunen er på veg inn i ei framtid med stadig mindre handlingsrom, og fylkesrådmannen har tidlegare foreslått investeringsstopp. I bakkant av ein slik frys er målet å lage ein samla plan for dei fylkeskommunale investeringane – på tvers av sektorane.

Det er altså ikkje tvil om at situasjonen er alvorleg, men høg gjeld er ikkje farleg i seg sjølv. Ein kan ikkje sjå seg blind på gjelda som veks. Ein må også sjå kva ein får att for den og korleis ein finansierer den.

Skal ein klare å utvikle denne regionen, er ein nøydd til både å vere kreativ og våge å satse. Nordøyvegen er eit døme på kva ein kan få til for å skape ny optimisme og framtidstru, og korleis ein kan få tunge prosjekt opp og stå med pågangsmot og kreativitet.

Gjelda knytt til dette vegprosjektet gir også inntekter som gjer det til eit høgst realiserbart prosjekt sjølv om den må lånefinansierast av fylkeskommunen. Om eit prosjekt som er sjølvfinansierande må sjølvsagt ikkje stoppast fordi totalgjelda til fylket blir stor.