Alle fødande har krav på å føde under trygge forhold. Då betyr også avstanden til næraste fødetilbod noko.

Fleire timar i skilnad på reiseveg, er ingen bagatell.

Så lenge vi vil at det skal bo folk i heile landet, må vi leggje til rette tilbodet, slik at folk vågar å setje barn til verda også der det er langt mellom husa.

Fødetilbodet i Norge held høg kvalitet i internasjonal målestokk. Vi har høg standard på personell, utstyr og rutinar ved fødeavdelingar på sjukehusa og i helsestellet generelt sett.

Likevel skjer det feil med svært dramatiske konsekvensar.

Dei viktigaste årsakene til at mor og barn blir skadde under fødsel er mangel på overvaking, feil ved fosterovervaking, mangel på kunnskap og mangel på kompetent helsepersonell.

Alle slike feil kan også skje på ei fødeavdeling. Risikoen er likevel sjølvsagt mange gongar så stor for dei kvinnene som ikkje rekk fram dit.

Ikkje alle fødslar går etter planen eller kjem på termin.

Årleg føder nokre hundre kvinner utanfor institusjon, til dømes heime eller under transport – med eller utan helsepersonell til stades. Uansett har desse høgre risiko enn andre, sjølv om ambulansepersonell er trent til å takle slikt.

Risikoen for at barnet døyr under eller rett etter fødsel er tre gongar så høg som når fødselen skjer utanfor institusjon enn på ei fødeavdeling.

Faren for andre komplikasjonar og skader aukar også, både for mor og barn.

Kvinner som bor langt unna ei fødeavdeling er mest utsett for å kome i ein slik situasjon.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har nyleg levert oppdaterte tal for kor lang reiseveg kvinner i Norge har til næraste fødetilbod. Kvinnene i Volda er dei i landet med aller kortast reiseveg med tre minutt køyretid i snitt.

Kontrasten til øykommunen Træna på kysten av Nordland med sine sju timar er enorm.

I Møre og Romsdal er det kvinnene i Smøla som har lengst reiseavstand. På Sunnmøre er det kvinnene i Vanylven, Fjord og Stranda som kjem dårlegast ut.

Vi kan aldri fjerne alle avstandsulemper. Nokre vil alltid ha lengre veg enn andre til føden. Problemet i dag er at det er ikkje lettare å rekruttere legar og jordmødre til Smøla, Fjord eller Vanylven enn til fødeavdelingar som blir stengt på grunn av mangel på fagfolk.

Vi kan aldri gi oss på målet om eit trygt og likeverdig fødetilbod, men vi må leggje frå oss forestillinga om at det finst lette løysingar.

Får vi ikkje fleire til å ta desse jobbane, kjem vi aldri i mål.