Vi skal sjølvsagt ha solid folkevald styring og kontroll med viktige offentlege tenester. Det er derfor vi gir makt til politikarane ved val.

Vi må av og til akseptere at det ikkje alltid gir optimale resultat, fagleg sett. Trass dette set vi politisk styring over byråkrati.

Likevel må vi kunne forlange at dei folkevalde tek faglege råd på alvor. Tenestene kan ikkje styrast etter innfallsmetoden. Å få tillit som folkevald inneber også å ta slikt ansvar, også når det går på populariteten laus.

Fire arbeidstakarorganisasjonar i politiet har gått ut med krav om eit tydeleg mandat på kva rolle politiet skal ha i framtida. I eit felles opprop ber dei om at det blir lytta meir til dei som jobbar i politiet.

Dei krev eit nytt politirolleutval og fleirårige langtidsplanar for etaten.

Sist det vart sett ned eit slikt utval, var i 1976. Nær fem år etter kom stortingsmeldinga «Politiets rolle i samfunnet» og grunnprinsippa som politiet skulle styre og styrast etter.

Samfunnet, kriminaliteten og politiet sine oppgåver har endra seg mykje sidan den gong.

Terroren 22. juli 2011 vart eit tidsskilje. 22. juli-kommisjonen sin rapport avdekka alvorlege manglar i beredskap og organisering. I kjølvatnet av denne kom Politianalysen, Nærpolitireformen og seinare «Politimeldingen – et politi for fremtiden».

Desse har utfordra 40 år gamle prinsipp.

Regjeringsskiftet for to år sidan endra retninga på nytt. Blant anna er 20 tenestestadar gjenoppretta, stort sett på tvers av klare politifaglege råd. Politiets Fellesforbund kalla dette overkøyring.

Saman med rapportane frå Forsvars- og Totalberedskapskommisjonen tidlegare i år har dette igjen aktualisert kravet om eit politirolleutval.

Politiet er gitt stor makt. Nettopp derfor er det også særs viktig med folkevald styring og kontroll. Men altså ikkje etter innfallsmetoden. Politiet må få styre og utvikle seg basert på politifaglege vurderingar, innanfor gitte rammer og etter langsiktige styringssignal.

Eit politirolleutval kan leggje grunnlag for tverrpolitisk tilslutnad til rammene, og slik forankring, tillit og langsiktigheit. Men desse rammene må også ta opp i seg at utfordringane er endra, og vil endre seg raskt.

Kriminelle organisasjonar, terroristar og seksuelle overgriparar både opererer og organiserer seg meir enn før digitalt og på tvers av landegrenser. Gjengkriminelle i Sverige er delvist styrt frå utlandet gjennom kryptert kommunikasjon og brutal vald.

Politiet må endrast for å møte denne utviklinga. Vi vil framleis trenge eit synleg nærpoliti, men politimeister Bastian gjer seg best i Kardemomme by.