Det handlar om framtida til eit av Norges fremste turistmål, Geiranger. Regjeringa bør i det minste ta seg bryet med å svare på kravet frå Stranda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, som vart sendt for vel eit år sidan. Kravet handlar om støtte til utviklingsplan for å kunne følge opp stortingsvedtaket om nullutslepp. Fylkesordføraren har nyleg purra, men framleis ingen svar. Det er provoserande stille.

Som kjent er det innført krav om nullutslepp frå turistskip og ferjer i verdsarvfjordane frå 2026. Vestnorsk fjordlandskap, det vil seie dei fem fjordane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Tafjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, kom med på Unesco verdsarvliste i 2015.

Vi støttar kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane. Det er både fornuftig og rett, og heilt nødvendig for å oppnå grøn omstilling. Dessutan gir det inga god oppleving av vakker, norsk natur når dieselrøyken ligg tungt over fjorden. Problemet er berre at Geiranger manglar energiløysingar som gjer det mogleg å lade og ta imot utsleppsfrie skip. Dermed blir det kroken på døra for dei aller fleste cruiseskip til Stranda kommune etter 2026. Ifølge ei samfunnsøkonomisk analyse utført av Menon Economics, vil cruisetrafikken i stor grad bli flytta frå verdsarvfjordane til andre norske fjordar. Dette kan få store negative konsekvensar for verdiskaping, sysselsetting og busetjinga i Geiranger.

Cruiseskipa vil heller legge til kai andre stadar, til dømes i Ålesund, og så blir passasjerane frakta med buss til Geiranger. Den utviklinga ser vi konturane av i dag. Dermed kan det bli endå meir trafikk på land, med alle dei problema det fører med seg. Den eine vegen som går gjennom Geiranger, fylkesveg 63, kan ikkje utvidast. Å bygge nye vegar er heller ikkje mogleg på grunn av fredingsvedtekter. Mangelen på parkeringsplassar i sentrum er prekær. Ein idé som er lansert er å bygge parkering i fjell i samband med rassikringstunnel, noko som vil løyse fleire problem.

Det er behov for både energiløysingar til utsleppsfrie skip, parkeringshall for å hindre trafikkaos, og tiltak for å sikre arbeidsplassar heile året i Geiranger. Det er mange som er urolege for framtida i turistbygda, og dei må lyttast til. Både dei som opplever at dagens masseturisme er øydeleggande, og dei som fryktar at det ikkje lenger skal vere lys i husa om vinteren.

Geiranger er eit reiselivsikon, som er svært viktig for Norge. Derfor bør regjeringa svare når Stranda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune ber om hjelp til å utvikle miljøvenlege løysingar. Målet er å sikre Geiranger, både som idyllisk reisemål og livskraftig bygdesamfunn.

Det er mange som er urolege for framtida i turistbygda, og dei må lyttast til