Fire personar har mista livet på arbeidsplassar på Sunnmøre til no i år, og det er eit uvanleg høgt tal. Etter ulukka på eit verft i februar, gav Arbeidstilsynet tre pålegg om å betre rutinane, og dei vart oppfylt før fristen gjekk ut. Dei tre andre dødsulykkene er ikkje ferdig behandla hos Arbeidstilsynet enno. Uansett kva som måtte kome ut av undersøkingane, er det viktig å styrke det førebyggande arbeidet på alle arbeidsplassar.

Det er arbeidsgivaren sitt ansvar å sørge for at det blir drive systematisk helse, miljø og sikkerheitsarbeid i verksemdene. Det må skje i nært samarbeid med medarbeidarane og deira tillitsvalde, slik at alle blir involverte. Arbeidstilsynet har oppmoda bedrifter til å etablere gode system for å lære av mindre uhell som ikkje er rapporteringspliktige. Ved å skape kultur for openheit på arbeidsplassen, der alle våger å melde frå om feil, kan ein bidra til kontinuerlege forbetring. Alle forstår at fall frå stillas, er ei arbeidsulykke. Men dersom nokon sklir på kontorgolvet på grunn av vannsøl på golvet, kan det også føre til personskade. Openheit, også om nesten-ulukker, er svært viktig i det førebyggande arbeidet. Alle må delta.

I fjor døde 28 arbeidstakarar på jobb i det landbaserte arbeidslivet i Norge. 25 av dei omkomne var norske statsborgarar, og alle var menn. Dei tre farlegaste næringane på land er bygge- og anleggsverksemd, transportnæringa og jordbruk. Tal frå Arbeidstilsynet viser at det er dei eldste arbeidstakarane som er mest utsette for ulykker. Arbeidstakarar over 55 år er overrepresenterte når det gjeld dødsfall i arbeidslivet.

Når det gjeld ulykker på sjøen, er det Sjøfartsdirektoratet som har oversikta. Dei siste fem åra har det skjedd til saman fire dødsulykker på sunnmørsbåtar. Fiskeri er lenge blitt rekna som Noregs farlegaste yrke. 167 fiskarar og 18 havbruksmedarbeidarar mista livet på jobb i perioden frå 1998 til 2018, viser rapport frå SINTEF. I snitt har det omkome åtte fiskarar i året i denne tidsperioden.

Dei siste åra er det blitt jobba systematisk med å heve tryggleiken både på land og til sjøs. Det har gitt positiv effekt. Likevel er kvar dødsulykke, ei for mykje.

Ved å skape kultur for openheit på arbeidsplassen, der alle våger å melde frå om feil, kan ein bidra til kontinuerlege forbetring