Ho var livredd for at han skulle skade henne, og bad gong på gong om å få valdsalarm. Det fekk ho ikkje, sjølv om mannen ho frykta hadde brote besøksforbodet ti gonger. Natt til sist tysdag vart ho funnen skoten og drepen i ein bil utanfor sjukehuset i Elverum. I same bil vart mannen funnen hardt skadd. Han døydde seinare av skadane. Mannen er sikta for å ha tatt livet av kvinna.

Drapet på Rahavy Varatharajan har utløyst debatt om kva som skal til for å få innvilga valdsalarm eller omvendt valdsalarm. Familien hennar har kalla tragedien eit varsla drap, og retta sterk kritikk mot politiet. Sjølv om mannen sine handlingar eskalerte, og Varatharajan trygla om valdsalarm, meinte politiet at valdsrisikoen mot henne var liten. Politiet har varsla full gjennomgang av saka for å undersøke kva som kunne ha vore gjort annleis. Det er heilt nødvendig, for å kunne lære, og unngå at noko tilsvarande skjer igjen.

Dessverre er det mange kvinner over heile landet som lever i konstant frykt, og som har god grunn for det. Kvar fjerde norske drap er eit partnerdrap, og i dei fleste tilfella er det registrert vald frå partnaren før drapet. I fem av ti partnerdrap er det registrert meir enn fem valdsepisodar i forkant, skriv nettstaden Taushettarliv.no.

Vald i nære relasjonar eit stort samfunnsproblem, og drapet i Elverum må bli ein alvorleg vekkar for alle instansar. Ei endring i straffeprosesslova som vart vedtatt like før jul skal kunne føre til auka bruk av omvendt valdsalarm. Ein omvendt valdsalarm, er ein GPS som personen må ha på seg. Målet er å kontrollere at ein person som får besøksforbod, overheld dette forbodet. Personen må ha på seg fotlenke, og det blir sendt eit varsel frå fotlenka til politiet dersom personen beveger seg innanfor eit spesielt område.

Etter planen skal den nye lova tre i kraft i løpet av sommaren. Det er på tide. Dette er ei sak det har tatt mange år å greie ut. Lovendringa fører til at elektronisk kontroll av eit besøksforbod kan gjennomførast raskare og på eit tidlegare tidspunkt i rettsprosessen. Forslaget vart elles samrøystes vedtatt av Stortinget.

Omvendt valdsalarm er eit viktig tiltak fordi det legg byrda på den personen som utøver trusselen, og ikkje personen som er utsett. Derfor må det brukast oftare enn i dag. Å gi potensielle overgriparar klar beskjed om at offeret har moglegheit til å tilkalle hjelp umiddelbart, kan forhindre farlege situasjonar, samtidig som politi og naudetatar får høve til å reagere raskare.

Omvendt valdsalarm er eit viktig tiltak fordi det legg byrda på den personen som utøver trusselen