Skal kollektivtransporten bli fossilfri innan 2025, slik regjeringa har som mål, er det på høg tid å gi «gass». Seks år er ikkje lang tid når ein skal fase inn ny teknologi på bussar, ferjer og hurtigbåtar i heile landet.

Teknologien som trengs er i rask utvikling. Om få år vil den vere det heilt sjølvsagte valet. Men framleis kostar det langt meir å drive passasjertransport med ferjer og bussar drivne med elektrisitet eller biodrivstoff.

Denne meirkostnaden må nokon dekkje. Det er berre ein fornuftig stad å sende denne rekninga.

Regjeringa la i går fram sin handlingsplan for fossilfri kollektivtransport i 2025. Miljøorganisasjonane var raskt ute med kritikk. Kritikken er på sin plass. Regjeringa skal ha ros for viljen, ambisjonane og analysen, men det står att mykje på handling.

Planen oppsummerer dagens situasjon på ein grei måte, og den peikar på viktige hindringar på vegen mot målet. Det blir mellom anna klart slått fast at dei nye løysingane ikkje er konkurransedyktige samanlikna med dei konvensjonelle.

At det kostar å kutte klimautslepp kan samferdslepolitikarane i Møre og Romsdal skrive under på. Omlegginga av ferjedrifta til lav- og nullutsleppsteknologi er ei tung økonomisk bør som går ut over drift og investeringar, også i andre sektorar.

Møre og Romsdal er eitt av dei store utsleppsfylka i kollektivtransporten. Berre Hordaland og Nordland har større samla utslepp av CO2 frå rutegåande transport. Ferjene er den største syndaren, og her har fylket alt planar om drastiske kutt.

Ein god nummer to er bussane. Her er det smått med planar. Møre og Romsdal og fleire andre fylke lyser no ut nye anbod, basert på dieseldrift, stikk i strid med regjeringa sine signal og mål. Anboda stekkjer seg langt ut over 2025.

Sjølvsagt gjer ikkje fylkespolitikarane dette av vond vilje. Det er dei økonomiske realitetane som snakkar. Skal fylket oppretthalde eller helst styrkje kollektivtilbodet, må det meir pengar til. Rekninga for meirkostnaden kan ikkje dekkjast inn av passasjerane. Skrur ein opp billettprisen, vil talet på reisande kunne gå ned.

Fylkeskommunen har ikkje andre eigne inntektskjelder. Det er altså berre ein som kan ta denne rekninga, og det er den som byr inn til festen: Staten. Meiner regjeringa alvor med klimaambisjonane, bør vi sjå det i klare tal allereie i statsbudsjettet til hausten.

foto
Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vil invitere næringslivet med i dugnaden for å kutte utsleppa i kollektivtransporten. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix