Det er på tide å få på plass ei lov som slår fast at det å teie, ikkje er det same som å samtykke. Ny undersøking viser at meir enn kvar femte norske kvinne har opplevd valdtekt i løpet av livet. Den største auken er i aldersgruppa mellom 18 og 29 år. Undersøkinga frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS) er trist lesing, og har sett fart i debatten om behovet for ei samtykkelov.

Regjeringa har varsla at dei vil ha på plass ei samtykkelov, men det framlegget frå Straffelovrådet som no er ute på høyring, er ikkje bra nok.

Framlegget betyr at ein person i ord eller handling skal ha vist motvilje mot den seksuelle omgangen for at det skal kunne reknast som valdtekt. Men samtykke er ikkje det same som fråvær av motvilje. Undersøkingar viser at mange er redde for å bli alvorleg skada under eit overgrep, og derfor unngår aktiv motstand. Andre kan oppleve ein slags frys-reaksjon, der kroppen stivnar til, og dei blir ute av stand til å bevege seg.

Ei samtykkelov må gjere det tydeleg at ansvaret skal ligge hos den som ønsker sex, til å forsikre seg om at den andre personen har lyst og deltek frivillig. Berre eit ja, betyr ja.

Både jenter og gutar opplever sexpress, og mange unge etterlyser betre undervisning om grensesetting. Helsesjukepleiarar fortel om unge som er redde for å seie nei til sex, fordi pornoen lærer dei at gutar skal dominere og jenter berre akseptere. Mange jenter slit med psykiske vanskar fordi dei ikkje vågde å seie frå, og fekk grensene sine trakka over. Både elevar og lærarar ønsker seg betre seksualundervisning, skriv bladet Sykepleien.

Sidan porno er lett tilgjengeleg på nett, er det stort behov for å bevisstgjere ungdom på skilnaden mellom overgrep og valdtekt på eine sida, og samtykkande, frivillig sex på den andre sida. Helsesjukepleiarar har etterlyst eit kvalitetssikra opplegg som kan sørge for at ungdom får god undervisning om temaet.

Skulane har ei viktig oppgåve med å skape haldningar mellom barn og unge, og foreldre må ta ansvar for å snakke med unge om kropp og grenser. Innføring av samtykkelov kan ha preventiv effekt, og bidra til at fleire blir meir bevisste på sine haldningar.

Valdtekt er eit alvorleg samfunnsproblem Det er behov for både tydeleg samtykkelov, haldningsendring og betre undervisning om grensesetting.

Både jenter og gutar opplever sexpress, og mange unge etterlyser betre undervisning om grensesetting