I september kom 4.900 asylsøkjarar til Norge. Det er fire gongar så mange som same månad i fjor. Ingen ting tyder på at dette kjem til å snu med det første. Vi må difor snarast skru opp tempoet i mottaksapparatet.

Utlendingsdirektoratet trur at talet neste år kan bli så stort som 30.000. Ein strengare returpolitikk kan bidra til å halde talet litt nede, men uansett vil utfordringane auke kraftig. Mange kjem frå Syria eller andre land med tilhøve som gjer at dei truleg vil få opphald.

Statsministeren varsla i Stortinget denne veka at asylkostnadane kan bli på 40–50 milliardar dei næraste fem åra, om 40.000 til 50.000 asylsøkjarar får opphald. Økonomien blir truleg likevel det minst krevjande om vi ikkje set inn nok og god nok innsats.

Om UDI sine prognosar slår til, vil det mellom anna bety at kommunane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane må leggje til rette for å busette rundt 3.000 flyktningar i året. For Ålesund vil talet nærme seg 200 årleg.

Kommunane har allereie store problem med å takle gårsdagens flyktningutfordring. Dagens og morgondagens krev ekstraordinær innsats, slik at vi kan redusere ventetida i mottak og få ei raskare og betre integrering av dei som kjem hit.

Finn flyktningane seg raskt til rette i samfunnet, vil vi på lang sikt redusere både dei økonomiske kostnadane og konfliktane knytt til mottak av flyktningane. Endå viktigare er det at vi kan redusere dei menneskelege kostnadane for dei som er på flukt.

Skal vi få til dette, må vi tenkje nytt i heile mottakskjeda. Å inkludere frivillige i arbeidet kan vere ein del av svaret. Norskopplæring i kommunal regi er ein ting, men verdien av å få bruke språket og lære kulturen i omgang med sine nye norske naboar er mykje større.

Staten og kommunen kan leggje til rette for integrering, men det er ikkje i kommunen eller staten nokon skal integrerast. Staten kan ikkje invitere nokon inn i våre liv, det må vi gjere sjølve.

Idrettslag, kor, ungdomslag, religiøse organisasjonar og andre frivillige vil kunne vere viktige brikker i denne dugnaden. Det betyr at vi som er med i desse organisasjonane, vi som er naboar og framtidige kollegaer må vere opne for å ta del. Det er vi som må vere rause.