Det er svært urovekkande at enkelte mindreårige i Møre og Romsdal omfamnar høgreekstremt tankegods. Sjefen for PST i Møre og Romsdal, Steinar Strand Olsen, seier til Sunnmørsposten at dei ser fleire tilfelle no enn tidlegare, av at mindreårige i fylket blir radikaliserte til høgreekstremisme. Dei fleste er unge menn, og nokon er barn heilt nede i 12- 13 års alderen. Om auken skuldast at det er blitt lågare terskel for å sende bekymringsmeldingar, eller om det faktisk er blitt fleire radikaliserte, er vanskeleg å slå fast. Uansett er det grunn til å ta dette på alvor.

Radikalisering betyr at ein person i aukande grad godtek bruk av vald for å nå sine mål. Ekstrem islamisme og høgreekstremisme utgjer dei største terrortruslane mot Norge.

Korleis kan vi som samfunn førebygge valdeleg ekstremisme? Det er eit spørsmål som bør oppta alle som vil verne om demokratiet.

Høgreekstremistar aksepterer vald og vil avvikle demokratiet, skriv PST i trusselvurderinga, og peiker samtidig på at det finst ulike syn innanfor miljøet. Etnisk nasjonalisme handlar om å halde «rasen» eller «kulturen» rein. Ein grunnide er at den «kvite rase» og kultur er i ferd med å bli utsletta. Denne opplevde eksistensielle frykta gjer at høgreekstremistar meiner at vald kan vere legitimt. Fiendebildet til dei høgreekstreme omfattar jødar, muslimar, personar med ikkje-vestleg utsjånad, norske styresmakter, politikarar, LHBT+- personar, tradisjonelle medium og venstreekstremistar.

Når hatet får dominere, kan menneske bli dehumaniserte, og konsekvensane kan bli grufulle.

Utanforskap, einsemd og psykisk vanhelse fører til at mange leiter etter meining og personar dei kan identifisere seg med. Når dei finn nokon som tilbyr fellesskap og ei sak å kjempe for, kan unge bli eit lett bytte for ekstremistiske miljø. Det er viktig at unge som er i risikosona ikkje blir møtt med fordømming og latterleggjering, noko som berre vil forsterke følelsen av utanforskap.

Steinar Strand Olsen i PST seier at mange av dei yngste radikaliserte i liten grad har eit bevisst forhold til ideologi eller politikk. Radikaliseringa skjer ofte ved bruk av digitale kommunikasjonsplattformer, på tvers av landegrenser.

Ein breitt samansett kommisjon har fått i oppdrag av regjeringa å kome med konkrete forslag til korleis radikalisering og ekstremisme kan førebyggast. Etter planen skal ekstremismekommisjonen legge fram sine konklusjonar 1. mars i år. Håpet er at arbeidet kan føre til brei debatt i våre lokalsamfunn om korleis vi kan bli meir inkluderande, og førebygge at unge blir radikaliserte.

Utanforskap, einsemd og psykisk vanhelse fører til at mange leiter etter meining