Møre og Romsdal fylkeskommune har ein ambisjon om å bli det viktigaste aktivitets- og opplevingsfylke i landet, og naturen har gitt fylket det beste utgangspunktet for å lukkast med det. Det er slutt på den tida då turistane var nøgde med å sjå på naturen frå buss- eller bilvindauget. Dei tilreisande vil bruke alle sansane sine, og då er lokale matopplevingar viktig – i tillegg til andre aktivitetstilbod.

Sunnmørsposten skreiv nyleg om tre bedrifter i Geiranger som satsar på kortreist mat og drikke, og som har skapt nærare ti faste arbeidsplassar i løpet av tre år. Det er gledeleg at det gror fram nye bedrifter, og dei kan skape regionale ringverknadar. Jordbær frå Valldal er viktig for sjokoladeproduksjonen i nabobygda, på same måte som andre lokale råvarer kan gi opphav til nye produkt.

Unike smaksopplevingar får også dei som besøker idylliske Herdalssetra i Norddal, der det har vore drive seterdrift i over 300 år. Gamle tradisjonar vert ført vidare med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskaramellar. Andre stadar i kommunen kan turistar besøke gardsbutikkar som sel heimelaga kjøtvarer, saft og syltetøy.

Det skjer mykje positivt innan lokal matproduksjon i Møre og Romsdal, og i Fylkesmannens regionale næringsprogram for 2016 er lokal mat og drikke trekt fram som ei næring med stort potensial for vekst. Det kan derfor vere nyttig å la seg inspirere av det som skjer andre stadar i landet på dette området.

Røros har markert seg som ein av dei fremste regionane på lokalmat i Norge. Etter at gruvedrifta vart lagt ned på slutten av 1970-talet, har Røros lukkast med å etablere seg som eit attraktivt reisemål. Over ein million turistar kjem til Bergstaden kvart år, og regionen har klart å profilere seg som eit slags mekka for lokalmat. Rørosmat er blitt eit kvalitetsstempel, og den viktigaste forklaringa på suksessen er eit svært godt samarbeid mellom dei lokale matprodusentane, i følgje stiftinga Matmerk.

Samarbeid og klyngetenking har skapt maritime bedrifter i verdsklasse i nordvest, og samarbeid er også nøkkelen til suksess innan kortreist mat og drikke.