Leiinga i Ålesund kommune er svært overraska etter at Statsforvaltaren og Miljødirektoratet brått har endra kvaliteten på drikkevasskjelda Brusdalsvatnet til toppnivå. Det er bra kommunen reagerer. Endringa kan nemleg opne for meir forureining i drikkevasskjelda. Det er fullstendig uakseptabelt.

Brusdalsvatnet forsyner 68.000 abonnentar med drikkevatn. Den er både hovudvasskjelda og reservasskjelda for Ålesund, Sula og Giske kommune, og vi har ikkje gode alternativ. Derfor må planar og utbygging ta omsyn til drikkevatnet, som innbyggarane er heilt avhengige av.

Den plutselege omklassifiseringa av drikkevasskjelda kom fram i eit referat frå eit møte mellom Statens vegvesen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Møtet handla om oppstart av planarbeidet for ny E39/E136 mellom Breivika og Digernesskiftet. Kommunen hadde ikkje fått melding om møtet, men vart kjent med referatet gjennom media.

Som Sunnmørsposten tidlegare har skrive, er den økologiske tilstanden på Brusdalsvatnet løfta opp to hakk, ved at rapportar om sinkprøver er blitt underkjent. Grunngjevinga som blir gitt av Miljødirektoratet er at prøvene som kommunen har gjennomført er ufiltrerte, og at dei dermed ikkje er i tråd med regelverket. Det underlege er at regelverket ikkje slår fast at prøvene skal vere ufiltrerte, men at dei kan vere det. I beste fall er dette dårleg informasjonsarbeid.

Ved å gi vatnet toppkvalitet, er det mogleg å minske vasskvaliteten ved å tillate meir forureining. «Er det utelukket at slike motiv kan ligge bak en slik omklassifisering?», spør assisterande kommunedirektør Anne Mette Liavaag i eit brev til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, og det er nettopp dette som er poenget. Statsforvaltaren har vore involvert i ei rekkje høyringar og gitt innspel til reguleringsplanar og strategisaker over tid, utan å diskutere verken tilstandsklasse, prøvetaking eller dei resultata som er blitt lagt til grunn for arbeidet. Kvifor skjer så den plutselege endringa av miljøstatus for drikkevasskjelda i samband med at Statens vegvesen skal starte planarbeidet med bygging av ny firefeltsveg?

Mykje står på spel når ny veg skal byggast, og ulike interesser skal vegast opp mot kvarandre. Det må likevel aldri vere tvil om kva som er viktigast: Reint drikkevatn, også for framtidige generasjonar.

Endringa kan nemleg opne for meir forureining i drikkevasskjelda. Det er fullstendig uakseptabelt.