Fylkestinget i Møre og Romsdal svingar sparekniven over budsjett og økonomiplan, men enno er det usikkert kven kuttet treff og kor djupt det går.

Kor mange stillingar som må kuttast, kva investeringar som må utsetjast og om dette er nok til å berge fylket ut av den økonomiske hengemyra gir ikkje politikarane svar på.

Fasiten får vi først når fylkeskommunedirektøren har gjort si tolking av politikarane sitt budsjettvedtak.

Fylket har levd over evne i lang tid, og må setje tæring etter næring. Renteauken og høg inflasjon er ikkje årsaka til dette, men forsterkar behovet. Politikarane skal ha honnør for vilje til å ta grep.

Den viljen er tverrpolitisk.

Kva grep som skal takast, er den nye fleirtalskonstellasjonen likevel lite konkrete på. Framstegspartiet, Høgre, KrF og Venstre pakkar kutta inn i såkalla «rammebudsjettering».

Så blir det opp til fylkeskommunedirektøren og rive papiret av pakken.

Politikk handlar om prioriteringar. I den grad det vedtekne budsjettet og økonomiplan for Møre og Romsdal fylkesting prioriterer noko, er det godt kamuflert.

Rett nok er det lagt inn 50 millionar meir til asfalt enn det fylkeskommunedirektøren hadde lagt opp til. Det er heilt nødvendig. Det er også sagt klart at ferjene skal skjermast, både frå rutekutt og takstauke. Så skal tenesteproduksjonen sparast.

Det er i beste fall ei vag prioritering.

Lengre enn dette går nemleg ikkje vedtaket. Her ligg inga lang kuttliste på bordet som synleggjer konsekvensane – korkje for dei tilsette som blir råka eller administrasjonen si framtidige evne til å løyse sine oppgåver.

Ingen veit i dag kor mange tilsette i fylkesadministrasjonen som må gå.

Ingen kan heller seie kva vegprosjekt som må utsettast når investeringar for ein kvart milliard skal skubbast utover i økonomiplanperioden. Det seier ikkje den vedtekne økonomiplanen noko om.

På toppen av dette kan heller ingen seie at vidaregåande skulen vil bli totalt skjerma for kutt, slik ambisjonen er. Tvert om ligg sparekniven alt på bordet til rektorane i fylket. Eit stort overforbruk på årets budsjett må takast att i form av kutt neste år.

Det er heller ikkje slik at kutta, som fleirtalsrepresentantar kallar «ei krusing på havet», svarar ut dei økonomiske utfordringane eit fylke med landet sin dårlegaste fylkesøkonomi står i. Ingenting i dette budsjettet gir håp om at fylket skal klatre frå botnplassen på tabellen.

I prinsippet er det ikkje noko gale i å drive såkalla rammebudsjettering, men er målet å seinare kunne skulde administrasjonen for konsekvensane, så liknar det svært mykje på politisk ansvarsfråskriving.