Livet består av flest kvardagar. Denne jula byr på fleire slike enn vanleg. For nokre er dette faktisk ei slags trøyst i ei tid av året som er vanskeleg.

Ei høgtid der fellesskap, hygge og overflod står i sentrum, kan vere vond for dei som kjenner seg utanfor dette. Dagen i dag kan vere den tyngste.

Dessverre gjeld dette altfor mange.

Einsemd, dårleg økonomi, rus, psykiske problem, valdsbruk, sorg og sakn. Årsakene til at julehøgtida ikkje blir som glansbiletet av den er mangfaldige. Pandemien har forsterka fleire av dei.

Ei spørjeundersøking som Røde Kors nyleg har fått gjort, fortel at kvar fjerde kjenner seg einsam i desse dagar.

Fem prosent av eldre sa før dei siste korona-innstrammingane at dei skal feire jula aleine. Eldreombodet fryktar at fleire eldre igjen blir isolerte.

Tala syner at fleire er einsame på grunn av pandemien. Det er dei eldste over 80 år og dei yngste under 25 år som kjenner mest på dette. Kvar tredje under 25 år meiner pandemien har gjort dei meir einsame.

Blant dei yngste er det også mange som blir ekstra utsette i jula av andre årsaker.

Rundt eitt av 20 barn har ein oppvekst prega av vald. 150.000 barn gruar seg til jul på grunn av vaksne sin alkoholbruk. 115.000 veks opp i barnefattigdom. Foreldra si uro for at pengane ikkje rekk til gåver, juleinnkjøp og høge straumrekningar i ein allereie pressa økonomi smittar over på barna.

Ingen treng å ha dårleg samvit fordi dei kan la seg omslutte av juleglede. Dei fleste har behov for slike dagar med meir tid til og nærleik til kvarandre, og kunne feire fellesskapen.

Som enkeltpersonar og samfunn bør vi likevel ta med oss omsorg for dei som ikkje har det slik, både inn i julehøgtida og i kvardagane etterpå.

For vanskane som altfor mange slit med i høgtider, er berre toppen av eit alvorleg samfunnsproblem.

Hjelpetelefonane til blant andre Kirkens SOS, Røde Kors, Mental Helse og Redd Barna har ekstra stor pågang gjennom julehelga, og mange frivillige gjer ein stor og viktig innsats. Men det desse kan utrette utgjer ein drope i havet mot det som trengst.

Meir av samfunnet sine ressursar må rettas inn mot å redusere barnefattigdom, rusmisbruk, vald i nære relasjonar, psykiske lidingar og tilsvarande problem som gjerne råkar grupper som ikkje manglar sterke talspersonar i samfunnsdebatten.

Og kvar enkelt av oss kan gjere litt.

Å hjelpe nokon som slit med einsemd er blant det lettaste. Vi kan alle strekkje ut ei hand og gi av vår tid til nokon som treng det.