Fleire barn og unge slit med psykiske helseplager. Særleg urovekkjande auke er det i andelen unge jenter som rapporterer at dei har slike helseplager.

Både under og etter pandemien har det vore ekstra stor auke.

Psykisk uhelse i tidlege år av livet kan få langvarige konsekvensar. Problem på skulen eller ein vanskeleg inngang til yrkeslivet kan ta lang tid å «reparere». Styrka innsats for å snu den negative utviklinga er difor svært viktig.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) la førre veke fram si første stortingsmelding etter halvanna år som statsråd. Det vart den nye folkehelsemeldinga som fekk æra av å vere først ut. Kjerkol grunngir det med at folkehelsearbeidet er grunnmuren i alt helsearbeid.

Regelen for alt folkehelsearbeid er at god, førebyggjande innsats gir stor gevinst, både for samfunnet og den enkelte.

Konsekvensane av dårleg folkehelsearbeid er større belastning på helsetenestene. Det kostar meir å reparere enn å førebyggje, både i form av pengar brukt på helsetenestene og personell-ressursar.

Størst er likevel dei menneskelege kostnadane for den enkelte og deira familiar. Dette gjeld alle slags helselidingar, men er særleg tydeleg på det som råkar dei yngste. Helseplager tidleg i livet kan ofte få livslange konsekvensar.

Barn og unge som slit med psykiske helseplager kan få problem med både skulegang og inngangen til arbeidslivet. Sosialt utanforskap kan både vere ei årsak til psykiske lidingar og forsterke desse.

Det kan gi ein negativ og langvarig vond spiral.

Ansvaret for førebyggjande helsearbeid ligg til alle sektorar av samfunnet. For barn og unge er likevel barnehage, skule og frivillig sektor særleg viktige arenaer. Det er her byggjesteinane i folkehelse-grunnmuren blir lagt.

Skulen må vere ein felles arena for alle, uavhengig av familiebakgrunn og oppvekstvilkår elles.

Eit trygt skulemiljø der elevane lærer og får oppleve meistring og sosial inkludering, gir eit godt grunnlag for god helse. Motsett kan eit dårleg skulemiljø med mobbing og oppleving av utanforskap gi varige helseproblem.

Gode fritidstilbod i form av organiserte aktivitetar eller trygge, opne møteplassar er på same måte med på å bidra til auka livskvalitet, hindre einsemd og førebyggje psykiske helseplager og rus.

Difor er det viktig å mobilisere sterkt på desse arenaene for å snu den negative utviklinga. Det blir også påpeika i folkehelsemeldinga. Dessverre er den litt svakare på å peike ut konkrete tiltak.

Her har regjeringa sjansen til å kome sterkare tilbake.

Det er ikkje berre Kjerkol sitt ansvar.